Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sumobryting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråSumo)
Video av sumobryting

Sumobryting er einkampsport fråJapan. Ein sumokamp går ut på å få motstandaren sin ut av balanse, slik at han er borti golvet med andre kroppsdelar enn føtene eller trakkar utanfor ringen som markerer kampområdet. Sumo har lange tradisjonar og er prega avritual ogseremoni. Utøvarane er ofte svært overvektige, slik at dei skal ha eit lågast mogleg tyngdepunkt og vera tunge å dra overende.

Dei to utøvarane vert kallarikishi og er iførtmawashi, eit klesplagg som er laga av eit ni meter langt tystykke, men som berre dekkjer underlivet. Før kampen tek til, helsar dei einannan ved å utføra nokre faste rørsler samstundes mot einannan. Sjølve kampen varer ofte berre nokre få sekund.

I Japan er sumobryting ein stor sport med mykje prestisje. Dei beste utøvarane er store stjerner.

INoreg er sumobryting underlagtNorges Bryteforbund, men er lite utbreidd. Den fremste norske utøvaren har voreHans Olaf Evensen Borg, som har fleireVM-medaljar.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Norsk sumo-skuffelse i Thailand»,www.vg.no (på norsk bokmål), henta 4. desember 2019 
Spire
Denneidrettsartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sumobryting&oldid=3360974»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp