Suezkanalen er ein 171 km langkanal iEgypt mellomMiddelhavet ogRaudehavet. ByenSuez ligg ved munningen iRaudehavet, og byenPort Said ved munningen iMiddelhavet. Bygginga av kanalen vart leia avFerdinand de Lesseps i tida mellom1859 og1869. Bygginga vart gjennomført av eit fransk selskap. Etter at kanalen vart opna, eigdeFrankrike og Egypt kanalselskapet som stod for dagleg drift. I1875 kjøpteStorbritannia 45 % av kanalselskapet og inngjekk ei avtale med Egypt om at selskapet skulle overførast til Egypt i1968. I1956 nasjonaliserte den egyptiske presidentenGamal Abdel Nasser kanalen, noko som førte tilSuezkrisa.
På grunn av det flate terrenget har kanalen ingen sluser slik at det salte havvatnet strøymer fritt gjennom kanalen. Tidvatn og ein liten skilnad i høgd mellom Middelhavet og Raudehavet skaper litt straum i kanalen.