Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sudan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Jumhuriyat as-Sudan
جمهورية السودان

(norsk: Sudan, sudansk)

Det sudanske flaggetDet sudanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Nahnu Djundulla Djundulwatan»
MottoAl-Nasr Lana
(Sigeren er vår)
Geografisk plassering av Sudan
Offisielle språkarabisk
HovudstadKhartoum
Styresett
Formann for suverenitetsrådet
Republikk
Abdel Fattah Abdelrahman Burhan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 861 484 km² (15.)
5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
37 345 935 (37.)
20,1 /km²
Sjølvstende
fråStorbritannia ogEgypt
1. januar1956
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
167 400mill.USD (68.)
5 000USD (144.)
ValutaSudansk dinar
TidssoneUTC +2
Toppnivådomene.sd


Sudan er ein republikk i Nordaust-Afrika og er det tredje største landet i verdsdelen. Landet grensar motEritrea,Etiopia,Sør-Sudan,Den sentralafrikanske republikken,Tsjad,Libya ogEgypt, og det har kystline motRaudehavet. Hovudstaden erKhartoum. Landet har i mange år vore herja av borgarkrig. Etter fredsavtalen frå 2005 vart det i 2011 halde folkerøysting i Sør-Sudan om å verta ein sjølvstendig stat, og Sør-Sudan vart skilt ut frå Sudan i 9. juli 2011.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Namnet på staten Sudan kjem frå den den geografiskeregionen Sudan, eit områdesør for Sahara, som strekkjer seg frå Vest-Afrika til Aust- og Sentral-Afrika. Namnet kjem frå det arabiskebilād as-sūdān (بلاد السودان), eller «landet til dei svarte», som viser til innbyggjarar med mørk hud.[1]

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Sudan før utskiljinga av Sør-Sudan

Sudan ligg iNord-Afrika og grensar motRaudehavet i aust. Det meste av landet består av slettelandskap, med fjell i vest og i aust. Landskapet er dominert avNilen med tilløp.Klimaet vekslar frå tropisk i sør til tørrørken i nord.Regntida finn typisk stad i perioden april til november, men varierer avhengig av område.

Nokre miljøproblem i landet er utilstrekkeleg tilgang på ferskvatn,jorderosjon og at ville dyr blir truga av omfattande jakt. Halvparten av elektrisiteten i landet blir produsert avfossilt brensel og halvparten avvasskraft.

Dei nordlege områda av landet erørken, og har eitklima som liknar det iEgypt,Libya og ørkenområda avAlgerie. FråKhartoum og sørover aukar den årlege nedbøren gradvis frå 150 mm til over 1000 mm. I dei nordlege områda har ein sjeldanregn, og eventuelt regn kjem med ujamne mellomrom. Regnsesongen i Sudan er mellom april og oktober, men lengst sør kan ein ha nedbør heile året. Regntida minkar frå seks til åtte månadar i sør til rundt to månadar i dei sørlege områda av ørkenen.

Dei nordlege delane av Sudan har nesten alltid ein nordaustleg vind gjennom heile året. Dette fører til svært tørr luft som gjer at dei svært høge dagtemperaturane ikkje er så ubehagelege. I dei kjøligare vintermånadane kan temperaturen bli ganske låg, og frost tidleg på morgonen er ikkje uvanleg i ørkenen. Om sommaren er derimot nattetemperaturane sjeldan under 25 °C.

Under regntida i dei sørlege og sentrale områda av Sudan, erstattar ein sørleg eller sørvestleg vind den nordaustlege vinden. Dette fører til litt lågare temperaturar om sommaren, høg fukt og ein delskyer. Lengst sør varierer temperaturen lite gjennom året, og er høgast like før regntida. Den fuktige lufta kjem fråKongobekkenet ellerSør-Atlanteren og er hovudkjelda til regnvêret om sommaren. Sjølv i regntida har ein tørre dagar og sol innimellom, og sjølv i dei våtaste områda kjem det berre regn om lag kvar tredje dag.

Sundan kan stundom verte råka av ein kraftig vind kallahaboob, som kan føre tilsandstorm. Habooben oppstår ofte dagen før eller heilt i starten av regntida, ofte føre eittorevêr.

På kysten avRaudehavet og i åsane i nærleiken har ein berre litt regn no og då frå oktober til desember.

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]

Det finst ingen data for folketalet i landet sidan Sør-Sudan blei skilt ut frå Sudan, men i ei folketeljing frå 2008 blei folketalet i Nord-, Vest- og Aust-Sudan registrert til å vera over 30 millionar.[2] Dette set dagens estimat av folketalet i Sudan etter lausrivinga til litt over 30 millionar menneske. Dette er ein betydelig auke dei siste to tiåra, etter at folketeljinga i 1983 oppgav det totale folketalet i Sudan, inkludert dagens Sør-Sudan, til 21,6 millionar.[3] Befolkninga i storbyområdet Khartoum (inkludertKhartoum,Omdurman ogNord-Khartoum) er i sterk vekst, og blei registrert til å vera 5,2 millionar.

Gjennomsnittsalderen er 17,7 år (2002), medan spedbarnsdøydelegheita er på 9,0 % (2008). Forventa levealder (gj.snitt) er 62,5 år (2008).

Språk i Sudan er arabisk, nubisk, ta bedawie, ulike dialektar av nilotisk, nilo-hamitisk, sudanesisk og engelsk.

Landet har ca. 70 %sunni-muslimar (mest i nord), 5 % kristne (mest i sør og iKhartoum) og 25 % som tilhøyrer andre religionar.

I tillegg til at mange sudanesarar sjølv er blitt flyktningar, har også landet tatt imot mange flyktningar frå andre land. IfølgjeWorld Refugee Survey 2008 budde det310 500 flyktningar og asylsøkarar i Sudan i 2007. Fleirtalet av desse kom fråEritrea (240 400 personar),Tsjad (45 000),Etiopia (49 300) ogDen sentralafrikanske republikk (2 500)).[4] Den sudanske regjeringa deporterte minst 1500 flyktningar og asylsøkarar i løpet av 2007. Sudan har ratifisertSN sin flyktningkonvensjon frå 1951.[4]

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Området som i dag dannar Sudan er nemnt i skriftlege kjelder frå det gamle Egypt frå rundt 3000 f.Kr. Periodisk var nordlege Sudan, då særlegNubia, ein egyptisk provins. Arkeologiske bevis av urfolkskulturar somkerma finst også, og i det siste tusenåret f.Kr. oppstod ein skriftleg dokumentert kultur med byenNapata som hovudstad i eit rike kallaKusj som varte fram til rundt 300-talet e.Kr.

Nokre Kush-kongar regjerte også over Egypt og danna det 25. dynastiet i landet (ca. 746-655 f.Kr.). Den kulturelle innverknaden nordfrå var heile tida sterk; dei kushittiske kongane bygde til dømes pyramidar, og kulten kring den egyptiske gudenAmon var den dominerande.

Tidleg-kristen tid og overgangen til muslimsk styre

[endre |endre wikiteksten]
Ein av freskane som vart funne under utgravingane av Faras

På 500-talet vart dei tre nubiske rika Nobatia, Makuria og Alodia kristna, hovudsakleg gjennom misjon frå den koptiske kyrkja i Egypt. Ifølgje Johannes av Efesos vart misjonæren Longinus send til Nobatia kring år 540, og etterfølgjaren Julian førte kristendommen til Alodia. Oppslutninga om den kristne trua voks raskt, med kyrkjer og katedralar oppførte langs Nilen.[5]

I motsetnad til Egypt, som fall for islamsk ekspansjon på 600-talet, klarte dei kristne rika i Nubia å stå imot i fleire hundre år. Ein fredsavtale med muslimane, kjend sombaqt, vart inngått etter militært press på 600-talet og heldt i kring 500 år. Avtalen innebar mellom anna levering av slavar og varer i byte mot fred.[6]

På 1100-talet braut avtalen saman, og dei følgjande hundreåra var prega av krig og gradvis islamisering. Det siste kristne kongedømet, Alodia, fall i 1504, og med det forsvann òg kristendommen som dominerande religion i regionen.[7]

1822 og framover

[endre |endre wikiteksten]

Muhammad Ali av Egypt erobra Sudan i 1822 og grunnlaKhartoum. Sonen hansIbrahim Pasja flytta grensene for Egypt heilt til nærleiken avVictoriasjøen. Ei aukande misnøye med den egyptiske påverknaden, høge skattar og krav om at slaveriet skulle avskaffast førte fram tilmahdistopprøret underMuhammad Ahmad i 1882. Mahdiststaten blei senere styrta i 1898 av Egypt og Storbritannia. Ifølgje eittraktat av 19. januar 1899 skulle forvaltninga av landet sør for22. breddegrad ned til Uganda ogBelgisk Kongo handterast av Egypt og Storbritannia i fellesskap, under namnetAnglo-egyptisk Sudan.

Landet blei leia av eingeneralguvernør som blei innsett av egyptarane etter godkjenning frå britane, men landet blei i realiteten styrt som ein britiskkoloni. Fram til sjølvstendet i 1956 blei Sudan administrert av britane som to separate einingar – det muslimske nord- og det kristne sørterritoriet.

Ein anglo-egyptiskt avtale i 1953 gav Sudan indre sjølvstyre over tre år og lova tilbaketrekking av dei britiske styrkane. Det første valet blei halde same året, og blei vunne av National Unionist Party (NUP) under leiing avIsmaʿil al-Azhari. Sistnemnde danna regjering i 1954 og blei den fyrste statsministeren i Sudan.[8]

Nyare historie

[endre |endre wikiteksten]

Sudan fekk sjølvstende frå Storbritannia og Egypt i 1956, og har vore medlem avSN sidan då. Militære regime som favoriserer islam-orienterte regjeringar har dominert innanrikspolitikken i Sudan sidan sjølvstendet. OberstOmar al-Bashir kom til makta i eit miltærkupp 30. juni 1989. Al-Bashir sat ved makta i nær 30 år, frem til han sjølv blei avsett ved eit militærkupp 11. april 2019.

Bortsett frå i perioden 1972–82 var landet herja av borgarkrig fram til partane gjekk med på ein fredsavtale den 9. januar 2005. Konflikten hadde utgangspunkt i den økonomiske, politiske og sosiale dominansen til det muslimske nordlege Sudan over det kristne, ikkje-arabiske Sør-Sudan. Ifølgje fredsavtalen – Comprehensive Peace Agreement (CPA) – skulle Sør-Sudan innan januar 2011 gjennomføra ei folkerøysting om sjølvstende. I januar 2011 blei denne halden. Eit overveldande fleirtal stemte for lausriving, og Sør-Sudan blei erklært som eigen stat 9. juli 2011. Ved opprettinga av Sør-Sudan var det ikkje semje mellom Sør-Sudan og Sudan om den økonomiske kompensasjonen for ein røyrleidning gjennom Sudan frå oljeproduksjonen i Sør-Sudan. Dette førte til uro.

I 2003 oppstodDarfur-konflikten iDarfur. Den sudanske regjeringa og opprørsleiaren Minni Arcua Minnawi fråSLA underteikna ein fredsavtale forDarfur 5. mai 2006. Etter meir uro og fleire rundar med forhandlingar blei det inngått ein avtale den 14. juli 2011.

6. januar 2021 underteikna SudanAbraham-avtalen.[9][10]

Det fann stad ei militærkupp i landet 25. oktober 2021. Statsministeren Abdalla Hamdok blei tatt til fange av kuppmakarane.[11]Hamdok blei gjeninsett 21. november 2021 etter at Abdel Fattah al-Burhan gjekk med på å gjeninnføra overgangen til sivilt styre, samtidig som han heldt på kontrollen.[12]2. januar 2022 kunngjorde Hamdok at han trekte seg som statsminister etter folkelege protestar som førte til fleire dødsfall.[13]

Politikk og administrasjon

[endre |endre wikiteksten]

Sudan har eidemokratiskforfatning, men blei i praksis styrt av eitmilitærdiktatur frå 30. juni 1989, då oberst Omar al-Bashir overtok makta i eit statskupp og innførte eit strengt islamistisk regime medsjarialovgjeving. Ein reknar med at mellom200 000 og400 000 menneske døydde under hans regjeringstid, tildels som følgje av Darfur-konflikten. I kjølvatnet av omfattande protestar blei regjeringa styrta 11. april 2019, og al-Bashir stilt for retten for blant anna korrupsjon. Partiet hans, Nasjonalkongressen, blei forbode. Al-Bashir blei også tiltalt forbrotsverk mot menneskja avDen internasjonale straffedomstolen iHaag.[14][15] I august 2019 blei det oppnådd semje om eit mellombels styre sett saman av sivile og militære representantar.[16]

Tru- og religionsfridom

[endre |endre wikiteksten]

Trass i at Sudan gjennom grunnlova og internasjonale avtalar har forplikta seg til å respektere trusfridomen, vert det rapportert om omfattande brot på denne rettigheita. Kristne – særleg konvertittar frå islam og kristne med etnisk afrikansk bakgrunn – vert utsette for systematisk diskriminering, vald og truslar.

I kjølvatnet av militærkuppet i 2021 og utbrotet av borgarkrigen i april 2023 har situasjonen for religiøse minoritetar forverra seg dramatisk. Over 150 kyrkjer har blitt angripne, øydelagde eller beslaglagde.[17] Nokre kyrkjer er blitt omgjorde til militærbasar, og kristne leiarar har blitt bortførte eller drepne.[18]

Konvertittar frå islam risikerer å bli utstøytte frå familien, fråtekne barn, utsette for vald eller drepne. Det er òg rapportert at kristne kvinner har blitt bortførte og tvangsgifta med muslimar, og at jenter har blitt utsette for seksuelle overgrep frå både milits og tryggingsstyrkar.[19][20]

Sudan har signert fleire internasjonale menneskerettskonvensjonar, inkludertICCPR[21] ogCRC,[22] men desse vert i liten grad etterlevde. Nokre av dei mest dokumenterte brota er:

  • forbod og vald mot kyrkjebygg (ICCPR art. 18),
  • trakassering og vald mot kristne kvinner for å ikkje følgje islamsk kleskode (ICCPR art. 18),
  • arrestasjonar og truslar om blasfemi mot kristne (ICCPR art. 19),
  • systematisk diskriminering av barn i kristne familiar (CRC art. 14).[23]

Ifølgje menneskerettsorganisasjonenÅpne Dører[24] er Sudan blant dei fem landa i verda der kristne opplever mest forfølging. I 2025 blei landet rangert som nummer fem på organisasjonen siWorld Watch List, med svært høge nivå av vald og press mot kristne både i privatlivet, familielivet, samfunnet og på nasjonalt nivå.[25]


Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Ancient Sudan Nubia».www.ancientsudan.org. Arkivert fråoriginalen 22. juni 2017. Henta 7. desember 2017. 
  2. Heavens, Andrew (21. mai 2009)Arkivert 2012-10-22 vedWayback Machine.. Af.reuters.com (2009-05-21). Besøkt 4. oktober 2011.
  3. "Sudan – Population". Library of Congress Country Studies.
  4. 12«World Refugee Survey 2008». U.S. Committee for Refugees and Immigrants. 19. juni 2008. Arkivert fråoriginalen 5. oktober 2007. 
  5. Johannes av Efesos, ca. 570.
  6. Hasan, Yusuf Fadl (1967).The Arabs and the Sudan. Edinburgh University Press.
  7. Welsby, Derek A. (2002).The Medieval Kingdoms of Nubia. British Museum Press.
  8. «Sudans historie» iStore norske leksikon, snl.no.
  9. «Israel takker USA for fredsinnsatsen i Midtøsten». idag.no. 7. januar 2021. Henta 2. januar 2022. 
  10. Mohammed Alamin (6. januar 2021).«Sudan Signs Pact Setting Stage for Normalization With Israel» (på engelsk). Bloomberg News. Henta 8. september 2021. 
  11. Reuters (25. oktober 2021).«Sudan's Hamdok moved to unknown location after refusing to support coup».Reuters (på engelsk). Henta 2. januar 2022. 
  12. «Sudan’s Hamdok reinstated as PM after political agreement signed».www.aljazeera.com (på engelsk). Henta 21. november 2021. 
  13. «Sudan PM Abdalla Hamdok resigns after deadly protest».www.aljazeera.com (på engelsk). Henta 2. januar 2022. 
  14. «Warrant issued for Sudan's leader» (på engelsk).BBC. 4. mars 2009. Henta 29. november 2019. 
  15. Jason Burke og Zeinab Mohammed Salih (18. august 2019).«Deposed Sudan president to face corruption charges in court» (på engelsk).The Guardian. Henta 29. november 2019. 
  16. Khalid Abdelaziz (17. august 2019).«Sudanese army and civilians seal interim power-sharing deal» (på engelsk).Reuters. Henta 29. november 2019. 
  17. «USCIRF sounds alarm on attacks against religious communities in Sudan». USCIRF. 19. april 2024. Henta 2. juni 2025. 
  18. «World Watch List 2025». Open Doors International. Henta 2. juni 2025. 
  19. «Sudan: Reports of women being raped in Khartoum by armed men».The Guardian. 16. mai 2023. Henta 2. juni 2025. 
  20. «UN condemns sexual violence in Sudan».Deutsche Welle. 24. mai 2023. Henta 2. juni 2025. 
  21. https://www.ohchr.org/en/professionalinterest/pages/ccpr.aspx
  22. «World Watch List 2025: Sudan». Open Doors International. Henta 2. juni 2025. 
  23. «Sudan»,www.opendoors.no (på norsk bokmål), henta 2. juni 2025 
  24. «World Watch List 2025». Open Doors International. Henta 2. juni 2025. 

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
Medlemmar
Observatørar
Suspendert
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sudan&oldid=3608976»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp