Medlemmer avrocker-subkulturen, som oppstod i Storbritannia på 1950-talet.
Subkultur er ei gruppe som skil seg ut frå ein større og meir utbreiddkultur gjennom særmerke som haldningar, språk, symbol, gjenstander eller kunnskap.[1]Medlemmar av ein subkultur definerer seg sjølv medvite som ulike frå majoritetskulturen,[2] med ulikenormer ogverdiar.[3]Subkulturar kan låna symbol, verdiar og tru frå majoritetskulturen, men ofte forsterka, forandare eller snudd om på.[4] I nokre høve kan dei definera seg i opposisjon til majoritetskulturen, og kan då kallast einmotkultur.[1] Subkulturar kan byggja påungdomskultur,gjengar,yrkesgrupper, religion, etnisk tilhøyre, seksuell orientering[5] eller felles interesser sommusikk,idrett[6] eller ulikehobbyar.