Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Styx av Styx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styx
Studioalbum avStyx
Språkengelsk
UtgjeveAugust 1972
Innspelt1971
StudioParagon Recording Studios i Chicago
Sjanger
Lengd32:36
SelskapWooden Nickel
ProdusentJohn Ryan,Bill Traut
Styx-kronologi 
StyxStyx II
(1973)


Singlar fråStyx
  1. «Best Thing»
    Utgjeve: 1972
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[2]

Styx er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske rockebandetStyx. Albumet kom ut i 1972.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

Gruppa starta som eit coverband som spelte på bryllaup og bursdagsfestar. Dei kalla seg sjølv «The Tradewinds» i 1961, då bandet bestod av dei 12 år gamleChuck ogJohn Panozzo, som spelte høvesvis bassgitar og trommer, og naboen, den 14 år gamleDennis DeYoung på klaverinstrument, trekkspel og vokal. Dei kalla seg seinare «TW4», etter dei fekk med seg college-venenJohn Curulewski i 1968, og hardrockarenJames «J.Y.» Young i 1970, som gitaristar, låtskrivarar og songarar i bandet.

Albumet synte bandet som eit progressivt kunstrock- og 60-tals garasjerockband. Albumet inneheld den 13 minuttar lange «Movement for the Common Man», og J.Y.-songen «Children of the Land». Det inneheld òg ein perkusjonssolo avJohn Panozzo, gateintervju frå Chicago i «Street Collage», og ei symfonisk rockeutgåve av «Fanfare for the Common Man» og det progressive visestykket «Mother Nature's Matinee» sungen av DeYoung og skrive av Young og DeYoung.

Den livlege poprocksongen «Best Thing» var skriven av DeYoung og Young og kom ut på singel seint i 1972. Denne nådde 82. plassen på den amerikanske singellista.

Resten av songane på albumet bestod av coverversjonar som plateselskapet føreslo at dei skulle spele. Bandmedlemmane sa dei aldri hadde høyrt desse før.

Albumet kom ut på ny i 1980 med tittelenStyx I med nytt plateomslag. Seint i 2012 kom albumet ut att på CD og digital nedlasting, i lag medStyx II (1973),The Serpent Is Rising (1973) ogMan of Miracles (1974).

Innhald

[endre |endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Movement for the Common Man»James Young (a), John Ryan (b),Aaron Copland (c),Dennis DeYoung (d med Young)a. Young, b. talte ord, c. Young, d. DeYoung13:11
2.«Right Away»Paul FrankYoung3:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
3.«What Has Come Between Us»Mark GaddisDeYoung4:53
4.«Best Thing»Young, DeYoungDeYoung, Young3:13
5.«Quick Is the Beat of My Heart»Lewis MarkYoung3:49
6.«After You Leave Me»George S. ClintonYoung4:00

Medverkande

[endre |endre wikiteksten]

Styx

[endre |endre wikiteksten]

Produksjon

[endre |endre wikiteksten]

Salslister

[endre |endre wikiteksten]

Singlar -Billboard (USA)

ÅrSingelListePlassering
1972«Best Thing»Pop Singles82

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Planer, Lindsay. Styx av StyxAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004).The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789.ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.» 
Studioalbum
Konsertalbum
Samlealbum
Songar
Tilknytte artiklar
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Styx_av_Styx&oldid=3377567»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp