| Strange Kind of Woman Singel avDeep Purple | ||
| B-side | I'm Alone | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 12. februar 1971[1] | |
| Innspelt | September 1970 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 3:49 | |
| Selskap | Harvest Records(UK) Warner Bros. Records(US) | |
| Låtskrivar(ar) | Ian Gillan,Ritchie Blackmore,Roger Glover,Jon Lord,Ian Paice | |
| Produsent | Deep Purple | |
| Deep Purple-kronologi | ||
| «Black Night» (1970) | Strange Kind of Woman | «Fireball» (1971) |
«Strange Kind of Woman» er ein song av det engelske rockebandetDeep Purple som vart gjeven ut som oppfølgjarsingelen til «Black Night» tidleg i 1971. Songen vart òg ein hit og nådde åttandeplassen på den britiske singellista, og vart sidan gjeven ut på den amerikanske og japanske versjonen av albumetFireball same året. I Europa vart songen erstatta med «Demon's Eye».
B-sida til singelen, «I'm Alone», vart sidan gjeven ut påThe Deep Purple Singles A's and B's og på 25-årsjubileumsutgåva avFireball.
Songen vart opphavleg kalla «Prostitute».VokalistIan Gillan introduserte songen påDeep Purple in Concert: «Han handlar om ein ven av oss som hamna i trøbbel med ei særs vond kvinne og det var ei trist soge. Dei gifta seg til slutt. Og nokre dagar seinare, døydde kvinna.» IWordography skildrar Gillan det heile litt annleis:
| « | Eg elska ho på ein rar post-ungdom/før-voksen måte, men det gjorde òg mange andre. Ho elska dei òg og gav dei mykje att for pengane. Eg mislukkast stort då eg prøvde å få ho bort frå det…ho sa det var ikkje ein vane, det var livet hennar og kva visste no eg om det? Eg vart forfremma frå stemnemøter på onsdagsmorgonar til stemnemøter på laurdagskveldar. Songen handlar i røynda ikkje om ei enkel kvinne…men forskjellige gleder og sorger, og ein slik pakke kan ein berre kalle Nancy. Eg voks opp raskt…uskulda døydde og, i kategorien…Dama mi… gjorde ein slepp på alle krav.[2] | » |
Då Deep Purple framførte songen på konsertar spelte Gillan oggitaristRitchie Blackmore ein gitar-vokal-duell i midten. Denne enda alltid med eit særs langt skrik i høgt toneleie frå Gillan før bandet gjekk attende til den originale songen. Eit døme på dette kan ein høyre på konsertalbumetMade in Japan i 1972.
Under songen «You Don't Remember, I'll Never Forget», påYngwie Malmsteen's Rising Force-albumetTrial by Fire, gjerYngwie Malmsteen ogJoe Lynn Turner, som erstatta Gillan i Deep Purple på denne tida då dette albumet kom ut, ei hyllest til Gillan og Blackmore ved å nytte ein liknande gitar-vokal-duell i songen etter gitarsoloen.
Songen vart spelt inn av det serbiske hardrockbandetCactus Jack på albumet deiraDeep Purple Tribute. Songen er òg spelt avpsychobillybandetThe Lucky Devils på det første albumet deira,Time passes by i 2000.