Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Stortingsval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stortingsval er ei nemning på detdemokratiskevalet til dennorske nasjonalforsamlingaStortinget. Etter denandre verdskrigen har det vore stortingsval kvart fjerde år. To år etter stortingsvala er detkommune- og fylkestingsval. Samstundes med stortingsval er detsametingsval. Ved stortingsval utgjer kvartfylke eit valdistrikt. Frå kvart fylke kan det veljast eit visst talstortingsrepresentantar. Kor mange representantar kvart fylke får velja vert rekna ut etter folketalet i fylket og geografiske omsyn. Fylke med liten folkesetnad og langt frå maktsentrumet iOslo har fått høvesvis fleire representantar iStortinget. I dei seinare vala har ei stemme iFinnmark fylke telt dobbelt så mykje som ei stemme iAkershus fylke ellerOslo. Ordninga har vorte kritisert på grunn av skeivdelinga i talet på stemmer ein representant må ha for å koma inn. For å bøta på skeivdelinga er det innført ei ordning medutjamningsmandat.

Stortingsval

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Stortingsval&oldid=3308484»
Kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp