Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever avfisk,blekksprut ogkrepsdyr, mange tar òg utkast fråfiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatorialemigrasjonar. Dei dannar koloniar og ermonogame. Alle artar legg eittegg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.
Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua avlinefisket.
Det finst klassifisert nær 100 artar i 16 slekter.[1] I norske farvatn er det registrert sju artar frå denne familien, den mest vanlege erhavhest, meir sjeldangrålire oghavlire.[2]
Mange taksonomiar har halde dukkpetrellar,Pelecanoides, utanfor familienProcellariidae. Eigenarten tildukkpetrellar har hatt brei stønad, men frå 2016 vart dukkpetrellane fletta inn i stormfuglfamilien i 'eBird/Clements Checklist'.[3]
I tradisjonell taksonomi er familienProcellariidae delt inn i fire ganske ulike grupper:havhestar,«eigentlege» petrellar,kvalfuglar, oglirer. Etter 2016 kom i tillegg dukkpetrellar som ei eigen gruppe.
Havhestar i ei utvida tyding femnar om dei to artane avFulmarus,havhest ogsørhavhest, dessutankjempepetrellar,snøpetrell,antarktispetrell ogflekkpetrell. Denne gruppa er har internt stort mangfald med artar som varierer i levemåtar og utsjånad, men dei er knytt saman morfologisk av eigenskapar ved hovudskallen, spesielt det lange, iaugefallande saltutsondringsrøret.
Dei fire dukkpetrellane er dei minste i familien med lengder på rundt 20 cm og vengespenn på 33 cm. Dei er kompakte fuglar med korte venger som er tilpassa bruk under vatn. Dei har ei karakteristisk surrande flukt og stuper rett ned i vatnet utan å setje seg på overflata. Dei blir sannsynlegvis verande heile året i sjøane nær hekkeplassane.
«Eigentlege» petrellar, påengelsk språk kalla 'gadfly petrels', dei som flyg «hulter til bulter» er det ca. 34 artar i slektaPterodroma. Artane varierer frå små til mellomstore, 26-46 cm, har lange venger med kort nebb med krok i enden.
Kvalfuglar er seks artar av «eigentlege» kvalfuglar i slektaPachyptila og ofte òg den monotypiske og nært slektablåpetrell,Halobaena caerulea. Tre artar i gruppa har store nebb fylt med lamellar som dei nyttar til å filtrere plankton nett som bardekvalane gjer, men namnet kvalfugl stammar frå tilknytinga til kvalar, ikkje nebbfunksjonen. Dette er små stormfuglar, 25-30 cm, med gråblå, mønstra fjørdrakt, alle iSørishavet.
Lirer er tilpassa fangst av byttedyr med hjelp av dukking i staden for å plukke føda på havoverflata som andre i familien. Ein art har vore registrert djupare enn 30 meter. Mange artar lirer er òg kjente for lange transekvatorialetrekk.
Lirer inkluderer om lag 20 artar i slektaPuffinus, sju iArdenna og dei fireCalonectris-artane. Tradisjonelt òg dei fem storeProcellaria-artane. Om desse tre slektene alle er kjente kollektivt som lirer, harProcellaria '–petrell' i artsnamnet.
Det finst nærare 100 nolevande artar avProcellariidae i 16 slekter. I tillegg kjenner ein tre eller fire artar somdøydde ut etter år 1500. Oversyn av slekter og artar i rekkjefølgje etterIOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler:[4]
Havhest er ein kraftig bygd stormfugl som flyg på stive venger
↑Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016),eBird/Clements Checklist v2016(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
↑Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Foreninghttps://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/