Stoa (Stoisk filosofi,stoisisme) er ei filosofiretning grunnlagd avZenon frå Kition rundt 300 f.Kr. Stoisismen er ei av dei viktigaste og mest varande tankeretningane frå den greske og romerske antikken[1] og har fått ein renessanse i moderne sjølvhjelp-litteratur.
Kjernepunktet i stoisismen er at den kunnskapsrike og vise møter alle hendingar i livet med uforstyrra ro og lever etter sine dygdsideal i både opp- og nedgangstider.
Eldre stoa (300–150 f.Kr.): Namnet kjem av at grunnleggaren Zenon samla elevane sine istoa poikilê («den fargerike søylehallen») på agoraen i Aten. Etter Zenon leia den mindre betydelegeKleanthes frå Assos stoa, medan eleven hans, logikarenKrysippos frå Soloi, utvikla Zenons grunnprinsipp og vert rekna som den andre grunnleggaren. Krysippos skreiv over 165 verk, men ikkje anna enn fragment er bevart av dei verka filosofane frå eldre stoa skreiv.[3]
Mellomstoa (150–50 f.Kr.):Panaitios flykta til Roma og gjorde læra kjent der. I Roma var ògPosidonius, ein ven avCicero. Cicero var ikkje stoikar, men er ei av dei beste indirekte kjeldene til tidleg stoisisme.
Yngre stoa (0–200 e.Kr.): Den frigjevne greske slavenEpiktet underviste i Roma og framståande romarar somGaius Musonius Rufus,Seneca den yngre og keisarMarcus Aurelius skreiv dei einaste komplette antikke verka om stoa som er bevart. Romarane konsentrerte seg hovudsakleg om etikken.[4]
Stoikarane delte filosofien i dei tre hovudemna (topoi) etikk, naturfilosofi og logikk. Etikk forsto dei som studiet av korleis livet best kan levast. Naturfilosofien besto av naturvitskap og metafysikk, og logikken var ein kombinasjon av moderne logikk, epistemologi, språkfilosofi og kognitiv vitskap. Filosofien var meint brukt på kvardagslivet, og for det formålet var studiet av etikken det grunnleggande elementet, medan naturfilosofien og logikken var å sjå som støttevitskapar.[2]
Viktige stoiske dygder varvisdom,mot,rettvise ogmåtehald, medanhjarteløyse (crudelita) ogmedkjensle (misericordia) vart rekna som laster. Sistnemde kan verka overraskande, men kjem av at stoikarane unngjekk emosjonar.[3] Dygdene var det einaste gode, lastene det einaste vonde, medan alt anna var likesæle fenomen (adiáphora). Rett nok har nokre adiafora positive forteikn, til dømesgod helse,rikdom ogutdaning, medansjukdom,fattigdom ogfåkunne er døme på negativt lada adiafora (apaxia).[5]
Dei antikke stoikarane hevda at det einaste ein treng for å oppnå eit lukkeleg liv er å leve dygdefullt og unngå lastene. Stoa er ei dygdsetisk retning og tilhengarane tolka dygdsetikken ekstremt i den forstand at utøving av dygdene (askêsis) ikkje berre er naudsynt, men òg tilstrekkeleg for å oppnå ein tilstand aveudaimonia («lukke» eller «bløming»). Det er verd å merke seg at for stoikarane var ikkje lukke ei flyktig kjensle, men den uforstyrra sjeleroa som følgde av eit godt levd liv.[5]