Stirling (Sruighlea pågælisk) er ein by og einburgh i regionenStirling iSkottland. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Byen er klynga rundt ei stor festning og ein gammal bydel frå mellomalderen. Han er eit senter for styresmakter, detalj- og engroshandel, og lettare industri. Stadnamnet Stirling har ukjend opphav.
Historia til Stirling er stolt då han er den gamle hovudstaden i kongeriket Skottland og var ein kongeleg burgh fram til1975. I2002, som ein del avdronning Elisabeths gulljubileum vart Stirling gjeve status somcity.
Opp gjennom historia har Stirling vore åstad for dramatiske hendingar i skotsk historie.
Arkeologien har spora ei busetjing i Stirling tilbake tilsteinalderen. SidanRomarriket okkuperteStorbritannia har Stirling vore ein viktig stad på grunn av høgda han ligg på, som var lett å forsvare og som det sidan vart reist ei festning på,Stirling Castle. I tillegg låg Stirling strategisk plassert i tilhøve til elvaForth. Det er trudd at Stirling var festningaIuddeu ellerUrbs Giudi derOswiu av Northumbria vart kringsett avPenda av Mercia i655 slik som det er vorte nedskriven hos krønikeskrivarenBede og andre samtidige annalar.
Eiferje og seinare eibru over elva til Stirling og deretter eihamn gjorde staden til eit knutepunkt for handel og førte rikdom og innverknad. Byen fekkcharter som kongelegburgh av kongDavid I av Skottland på1100-talet. Chartret vart seinare ratifisert av seinare monarkar der byen då vart referert til somStrivelyn.
Byen har tolatinske motto som begge var plassert på dei første segla som burgh. Eit av dei er verna frå1296:[1]
Hic Armis Bruti Scoti Stant Hic Cruce Tuti («The Britons stand by force of arms, The Scots are by this cross preserved from harm sin») ogContinet Hoc in Se Nemus et Castrum Strivilinse («The Castle and Wood of Stirling town are in the compass of this seal set down»)[2]
I nærleiken av festninga stårDet Heilage Krossen-kyrkja (Church of the Holy Rude «Rude» eller «Rood» er gammalengelsk for det engelske ordet «Cross» = kross) og som er den mest viktige historiske bygningen i byen. Kyrkja vart ombygd på1400-talet etter at Stirling brann ned i ein katastrofal brann i1405. Kyrkja er den einaste overlevande kyrkja i Storbritannia, unntattWestminster Abbey, som har hatt ei kroning. Den29. juli1567 vart babtsonen tilMaria I av Skottland krona somJakob VI av Skottland her. Han vart seinare òg konge av England somJakob I. Kulehol frå troppane tilOliver Cromwell i løpet avden engelske borgarkrigen er enno synleg på tårnet til kyrkja og bygningen.
Festningsverket fortsette å spele ei strategisk militær rolle i løpet avjakobittopprøret på1700-talet . I1715 klarte ikkje jarlen av Mar å ta kontroll over festninga. I januar1746 erobra hæren tilCharles Edward Stuart byen, men klarte ikkje å erobre festninga. Då hæren trekte seg tilbake og nordover sprengte dei kyrkja tilSt. Ninians der dei hadde lagra ammunisjon. Berre tårnet til kyrkja overlevde og står enno.
Økonomisk har elva Forth og hamna gjeve støytte til handel, inkludert handel medte fråIndia og handel med tømmer fråAustersjøen. Dåjarnbanen vart utbygd var det byrjinga med nedgangen til sjøfarten og på midten av1900-talet vart hamna nedlagt.