Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Stevie Wonder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stevie Wonder

Stevie Wonder under ein konferanse iSalvador iBrasil i juli 2006
Fødd13. mai1950 (74 år)
Saginaw iMichigan,
USA
FødestadSaginaw
FødenamnStevland Hardaway Judkins
AliasStevland Hardaway Morris, Little Stevie Wonder, Eivets Rednow
OpphavDetroit i Michigan i USA
Aktiv1961 til i dag
Sjangerrhythm and blues,soul,funk,jazz,blues,pop
Instrumentpiano,munnspel,vokal,Marcodi,klaviatur,Perkusjon
Stemmetypetenor
PlateselskapMotown
Verka somSongar og låtaskrivar,multi-instrumentalist,plateprodusent,aktivist
MorLula Mae Hardaway
Gift medSyreeta Wright
BornA'isha Morris,Keita Morris
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres,Grammy Lifetime Achievement Award,MusiCares Person of the Year,Rock and Roll Hall of Fame,Presidentens fridomsmedalje,Kennedy Center Honors,Gershwin Prize,Johnny Mercer Award,Wolf-prisen (kunst),stjerne på Hollywood Walk of Fame,Victoire d'honneur

Stevie Wonder ellerStevland Morris Judkins Hardaway (fødd 13. mai 1950 iMichigan) er einamerikansklåtskrivar,songar,pianist ogmunnspelspelar. Han vart først kjent under artistnamnetLittle Stevie Wonder i 1962.

Stevie Wonder er kjent for songar som mellom andre «I Just Called to Say I Love You», «I Wish», «You Are the Sunshine of My Life», «As», «Sir Duke» og «Isn't She Lovely».

Liv og karriere

[endre |endre wikiteksten]

Då Wonder låg ikuvøse på grunn av tidleg fødsel fekk han truleg for mykje oksygen og mista synet. Alt då Wonder var i sjuårsalderen byrja han å spelepiano,trommer ogmunnspel. Då han var ti signerte han ein langtids-platekontrakt medTamla Motown. Då han var tolv kom den første plata hans.

Med sitt jazzaToots Thielemans-aktige harmonikaspel (kromatisk) har Wonder òg spelt på ein del avHerbie Hancock sine jazz-utgjevingar. Han bidrog til å plasseresynthesizeren i sentrum til popmusikken. Wonder har vore gjest på innspelingar medBusta Rhymes,Sting,Barbra Streisand,Paul McCartney,Frank Sinatra,The Beach Boys,Eurythmics,Snoop Dogg,Babyface og mange andre.

Stevie Wonder har motteke 25 amerikanskeGrammy-prisar. I 1989 vart han innvotert iRockens æresgalleri. Han har fått ei stjerne påHollywood Walk of Fame og i1999 vart han tildeltMusiCares Person of the Year. Wonder har i alt ti førsteplassar på dei amerikanske hitlistene og har hatt meir enn 30 hit på singellista. Wonder vart i juni2005 far for sjuande gongen.

20. september 2008 spelte han iVikingskipetHamar. Sundag 18. juli 2010 var Stevie Wonder iBergen der han heldt sin einaste konsert i Noreg i 2010.

Inspirasjonskjelde

[endre |endre wikiteksten]

Wonder har vore ein stor inspirator for atskillege musikarar og mange av songane hans er vorte innspelt av andre songarar som mellom anna «Pastime Paradise» som iCoolios versjon heitte «Gangsta's Paradise», «As» avGeorge Michael og «I Wish» somWill Smith brukte til filmenWild Wild West. Blant dei artistane som oppgjev Wonder som éin av dei viktigaste inspirasjonskjeldene finn einMichael Jackson,Alicia Keys,Maria Carey,George Michael,Sting,Justin Timberlake,Kanye West ogRed Hot Chili Peppars.

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]
  • 1962The Jazz Soul of Little Stevie Wonder
  • 1962Tribute to Uncle Ray
  • 1963Recorded Live: The 12 Year Old Genius
  • 1963With A Song in My Heart
  • 1964Stevie at the Beach
  • 1966Up-Tight
  • 1966Down to Earth
  • 1967I Was Made to Love Her
  • 1968Eivets Rednow
  • 1968For Once in My Life
  • 1969My Cherie Amour
  • 1970Signed, Sealed, and Delivered
  • 1970Stevie Wonder Live
  • 1970Live at the Talk of the Town
  • 1971Where I'm Coming From
  • 1972Music of My Mind
  • 1972Talking Book
  • 1973Innervisions
  • 1974Fulfillingness' First Finale
  • 1976Songs in the Key of Life
  • 1980Hotter than July
  • 1985In Square Circle
  • 1987Characters
  • 1995Conversation Peace
  • 1995Natural Wonder
  • 2005A Time to Love

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Stevie Wonder
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Stevie_Wonder&oldid=3367844»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp