Stemnemøte er eit avtaltmøte, særleg mellomkjærastepar eller dei som tenkjer på å bli det. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein kjem saman for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Andre ord for stemnemøte errendezvous (frå fransk, uttalt /rangdevu/) eller nyaredate (frå engelsk, uttalt /dejt/).
Das erste Rendezvous av Manuel de Garay.Paar in Schwarzwälder Bauernstube av Ludwig Vollmar (1842–1884).
Stemnemøte kan ha ulike funksjonar i ulike samfunn, men er ofte ein del av det å gjera kur. Ein invitasjon til eller ein avtale om eit slikt møte kan signalisera til partane eller samfunnet rundt at dei ser på kvarandre som moglege partnarar. Eit stemnemøte går gjerne ut på at ein møtest på tomannshand, men ofte med andre menneske i nærleiken, for å bli betre kjend eller bygga opp romantiske kjensler. Ein kan ha stemnemøte i einheim eller på ein offentleg stad somkafé,restaurant,kino eller utandørs elles. Stemnemøte kan leia tilkjærteikn,sex,fast forhold,forloving ellerekteskap, men treng ikkje gjera det.