Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Steinras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinras frå bratte fjellsider kan vere til hindre for trafikken i fjellområde. Her fråBurg Pottenstein iTyskland.

Steinras ellersteinsprang erras dersteinar fell fritt frå ein fjellskrent. Raset består av steinar som glir eller rullar ned fjellsida eller fell gjennom lufta, og stundom sprett steinane slik at dei flyg iballistiske banar.

Geologiske tilhøve ogklima er dei viktigaste mekanismane som skapar steinras. Faktorar som spelar inn er mellom anna tilhøva til steinmassen, diskontinuitet i steinmasse,forvitring, grunn- og overflatevatn,frostsprenging, planterøter som kiler seg under steinane og ytre stress. Eit tre kan blåse overende av vinden, og føre til at røtene pressar på steinane rundt, slik at desse lausnar og fell. Steinar som samlar seg i botnen av ein fjellskrent lagar eisteinur.

Ein delar førebygginga av steinras inn i to delar: anten passiv førebygging eller aktiv førebygging. Passiv førebygging er når berre effektane av steinraset vert dempa, som bruk av dekkande nett, samlenett, avleiingsdike osv. Det kan framleis gå ras, men ein har gjort eit forsøk på å kontrollere utfallet. Aktiv førebygging vert gjort i området der raset startar og ein prøver å hindre raset frå å starte i utgangspunktet. Dette kan vere bruk avfjellbolting,sprøytebetong osv.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Steinras
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Steinras&oldid=3313612»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp