Steinbrot er å bryte ut eller å ta utstein fråfjellet, alternativt nemning på staden dette vert gjort. Steinbrotsverksemd er det arbeid som må til for å ta ut ein bergressurs frå der han ligg i fast fjell til han er klar for sal. Det kan vere lausmasse eller steinblokker. Steinen ein vinn ut kan nyttast til bygningselement som større blokker eller plater, eller knust og sikta som byggeråstoff (slik sompukk).[1]
Fjellmassar har frå uminnelege tider vore utsette fornaturkrefter, som samandragingar i storkningsperioden og belastingar som trykk ogtemperaturendringar.Vulkansk aktivitet og nedsekkingar ved foldingar ijordskorpa (mantelen),istider ogbreflyttingar som har gittmekaniske påverknadar. Desse påverknadane betyr mykje og avgjer om natursteinsførekomsten kan drivastøkonomisk forsvarleg.
Bergartar har ulikstruktur ogspalteeigenskapar, noko som medfører at det må takast ulike omsyn, derfor føregår brotverksemd på mange måtar etter kva slags bergart som vert teken ut.
Nokre ulike måtar å drive brotverksemd på: