Spekkhoggar,vagn ellerstaurkval (Orcinus orca) er eintannkval idelfinfamilien. Han kan verte om lag 10 meter lang og vege 10 tonn. Ein spekkhoggar kan ete 100 kilo fisk om dagen.
Spekkhoggaren er det mest utbreidde avsjøpattedyra. Han er mest vanlegtempererte, kystnære farvatn, særleg inordområda, men er å finna i alle typar farvatn.
Spekkhoggaren er kjend for det særprega svarte og kvite mønsteret sitt. Størsteparten av dyret er svart medan teikningane er kvite, i nokre høve med innslag av gulkvitt eller raudgult, særleg i hovudregionen. Han har ein større kvit flekk bak kvart auge. Halsen og buksida er for det meste kvit eller gulkvit. Fargemønstret ogryggfinnen er unike for kvart individ.
Ein vaksen spekkhoggarhann kan bli opptil 9,5-10 meter lang og veg opp mot 8 tonn (6 tonn er normalt), spekkhoggarhoa er noko mindre og blir opptil 8,5 meter lang og veg gjerne ca. 5 tonn. Det gjer spekkhoggaren til den største av alle delfinar. Spekkhoggaren har også den høgaste finnen av alle kvalar, med ei høgd på opptil 2 meter hjå hannar.
Hoene kan bli opp mot 80-90 år gamle, sjølv om 50 år er meir normalt. Hannane kan bli 50-60 år gamle, men det normale er rundt 30 år.
Spekkhoggaren jaktar på byttedyr som fisk, sel, skate og hai. Dei jaktar ikkje menneske, men det finst døme på at spekkhoggarar i fangenskap har skada eller drepe dyrepassarane sine.
Dei er rekna som eintoppkonsument sidan dei ikkje sjølv er byttedyr.
Dyra er svært sosiale, og lever gjerne i stabile familiegrupper rundt einmatriark.
Det er usikkert kor mange spekkhoggarar som finst og fordi dyra lever spreidd i havet. Frå tidleg på1970-talet har forskarar nytta fotoidentifikasjon for å finna ut meir om dette. Ein har gått ut frå at populasjonen har vore i attendegang sidan1800-talet. Reeves og Leatherwood[1] estimerte i 1994 at talet var på rundt 100 000 dyr, mens Forney og Wade[2] i 2006 hevda at talet var minimum 50 000 dyr.
↑Reeves, R.R., and S. Leatherwood. 1994. «Dolphins, porpoises, and whales: 1994-1998 action plan for the conservation of cetaceans». IUCN, Gland, Switzerland.
↑Forney, K.A., and P. Wade. 2006. «Worldwide distribution and abundance of killer whales». In: J.A. Estes, R.L. Brownell, Jr., D.P. DeMaster, D.F. Doak and T.M. Williams (eds.). «Whales, Whaling and Ocean Ecosystems». University of California Press, Berkeley, California. In Press.