Stamtreteorien (fråtyskStammbaumtheorie) ihistorisk språkvitskap er ein modell der språkendringar blir beskrivne ianalogi medfamilietreet. I dennemetaforen blir språk jamførte med familiemedlemer ogspråkfamilien med ein familie og slektskap mellom språk med slektskap mellom familiemedlemer.Urspråk, som er språket øvst i stamtreet, blir jamført med ein stamfar. Eit stamtre blir til vanleg framstilt som eit tre snutt på hovudet, slik aturspråk kjem øvst og «etterkomarane» under.
Teorien blei utvikla midt på 1800]-talet av den tyske språkforskarenAugust Schleicher (1821–1868). Schleicher var inspirert avevolusjonsteorien tilCharles Darwin, jamfør boka hans frå 1873,Die Darwinsche Theorie und die Sprachwissenschaft. Det språklege stamtreet seier likevel ingenting om den biologiske slektskapen mellom talarane av språka.
Kriteriet for å samle ei gruppe språk i ei grein av stamtreet er at dei har einfelles innovasjon, som når deigermanske språka utgjer ei grein av denindoeuropeiske språkfamilien mellom anna fordi dei alle har gjennomgått dengermanske lydforskyvinga.
Somme språkforskarar postulerer at alle forgreiningar i eit stamtre erbinære, som i detfylogenetiske treet til høgre. Dette er ein logisk konsekvens av kriteriet for å postulere greiner i stamtreet: Ei gruppe språk blir delt i to greiner:
I svært mange tilfelle er dette vanskeleg eller umogeleg å få til ei binær forgreining, og det er eit grunnleggjande problem for heile stamtreteorien. Til dømes har det ikkje late seg gjere å setje opp eit stamtre for denindoeuropeiske språkfamilien med berre binære forgreiningar. Det har difor blitt føreslege ein alternativ modell,bølgjeteorien.