Staffeliet er eit lite stjernebilete som grensar tilDua i nord,Akterstamnen ogKjølen i aust,Gravstikka i nordvest,Gullfisken i sørvest ogFlygefisken i sør. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna avEugène Delporte i 1930, og er definert som ein polygon med 18 sider. Heile stjernebiletet er synleg for observatørar sør for breiddegrad 26 °N.[1]
Stjernebiletet Staffeliet slik det er for det nakne auga. Den mest lyssterke stjerna nær Staffeliet er Canopus.
Gamma Pictoris er ei oransjekjempe med spektralklasse K1III som har ein diameter som er 1,4 gonger sola sin.[11] Ho skin med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,5, og ligg 174 lysår frå jorda.[12]HD 42540, kalla 47 Pictoris av den amerikanske astronomenBenjamin Apthorp Gould, er ei noko kjøligare oransje kjempe, med ein spektralklasse K2.5III og ein midla storleiksklasse 5,04.[13] Ein mistenkjer at ho er eivariabel stjerne.[14] Lacaille kalla feilaktig denne stjerna My Doradus, men hadde registrertrektascensjon ein time for lågt.[15] Lacaille kalla to nabostjerner Eta Pictoris.[16]Eta2 Pictoris, eller HR 1663, er ei oransje kjempe med spektralklasse K5III og tilsynelatande storleiksklasse 5,05. Ho ligg 474 lysår unna,[17] og har ein diameter 5,6 gonger sola sin.[11]Eta1 Pictoris, eller HR 1649, ligg 85 lysår unna og er ei hovudseriestjerne med spektralklasse F5V og tilsynelatande storleiksklasse 5,38.[18] Ho er ei dobbeltstjerne, og den andre stjerna har storleiksklasse 13. Dei to er skilde av 11 bogesekund.[19]
Kring 1298 lysår frå jorda, erDelta Pictoris eiformørkande dobbeltstjerne av typenBeta Lyrae.[20] Ho består av to blå stjerner med spektralklassar B3III og O9V, og systemet har ein periode på 1,67 dagar, og fell i tilsynelatande storleiksklasse frå 4,65 til 4,9.[21] Stjernene er ovalforma fordi tyngdakrafta deira forvrengjer kvarandre.[22]TV Pictoris er eispektroskopisk dobbeltstjerne som består av ei klasse A-stjerne og ei klasse F-stjerne som roterer rundt kvarandre i særs tett bane. Den sistnemnde stjerna er ellipseforma og varierer sjølv i lysstyrke.[23] Den tilsynelatande storleiksklassen varierer mellom 7,37 og 7,53 kvar 20. time.[24]
Utanom Beta, har fem andre stjerner i Staffeliet kjende planetsystem.AB Pictoris er einBY Draconis-variabel med eit objekt i bane som anten er ein stor planet eller einbrun dverg. Denne vart oppdaga direkte på bilete i 2005.[25]HD 40307 er ein oransje hovudseriestjerne med spektralklasse K2.5V og tilsynelatande storleiksklasse 7.17, kring 42 lysår unna.Doppler-spektroskopi medHigh Accuracy Radial Velocity Planet Searcher (HARPS) indikerer at HD 40307 har sekssuperjord-planetar. Ei av desse erHD 40307 g, som ligg i den habitable sonen til stjerna, og ikkje nær nok til å habunden rotasjon (der same sida alltid vender mot stjerna), i motsetnad til dei andre planetane i systemet, og mange andre planetar i omlaup rundt stjernene sine.[26]HD 41004 er ei kompleks dobbelstjerne, kring 139 lysår unna. Primærstjerna er ein oransje dverg med spektralklasse K1V med ein planet i bane kring 2,65 gonger massen til Jupiter. Omlaupstida til planeten er 963 dagar, medan den sekundære stjerna er ein raud dverg med spektralklasse M2V med ein brun dverg i bane som er minst 19 gonger så massiv som Jupiter. Både planeten og den brune dvergen vart oppdaga med dopplerspektroskopi med hjelp avCORALIE spektrograf i 2004 og 2002.[27]Kapteynstjerna er einraud dverg som ligg berre 12,78 lysår unna med storleiksklasse på 8,8. Han har den størsteeigenrørsla ein kjenner til av alle stjerner på himmelen etterBarnardstjerna.[28] Han flyttar seg kring Mjølkevegen i motsett retning til dei fleste andre stjerner og kan ha hatt opphavet sitt i ein dverggalakse som vart slukt avMjølkevegen.[29] I 2014 synte analysar av dopplervariasjonar i Kapteynstjerna at ho hadde to superjorder,Kapteyn b og Kapteyn c. Kapteyn b er den eldste kjende planeten som potensielt er einhabitabel planet, estimert til å kanskje vere 11 milliardar år gammal.[30]
1,5 grader vest-sørvest for Alfa, liggRR Pictoris som er einkataklysmisk variabel som blussa opp til einnova med storleiksklasse 1,2 den 9. juni 1925.[28] Seks månader etter ho nådde maksimal lysstyrke, hadde ho blitt svekt så mykje at ho ikkje lenger var synleg for et nakne auga, og hadde storleiksklasse 12,5 i 1975.[31] RR Pictoris er ei tett dobbeltstjerne som består av einkvit dverg og ei sekundærstjerne som krinsar rundt kvarandre med ein periode på 3,48 timar. Dei ligg så tett kvarandre at den sekundære fyllerRoche-loben med stjernematerie, som så vert overførst tilakkresjonsskiva til den første stjerna. Når denne materien når ein kritisk masse, tar det fyr og systemet blussar kraftig opp. RR Pictoris ligg kring 1300 lysår frå jorda.[32]
Eit røntgenbilete avPictor A som syner ein jet som stråler ut.
NGC 1705 er ein irregulær dverggalakse som ligg 17 millionar lysår frå jorda. Han er ein av dei mest aktivestjernedannande galaksane i det nærliggande universet, trass i at stjernedanninga nådde ein topp kring 30 million år sidan.[33]Pictor A ligg kring 485 million lysår unna og er einradiogalakse[34] og er ei kraftig kjelde for radiobølgjer på den sørleg himmelhalvkula.[35] Frå eisupermassivt svart hòl i sentrum, stråler det einrelativistisk jet ut til eit røntgenområde 800 000 lysår unna.[36]SPT-CL J0546-5345 er ein massivgalaksehop som ligg kring 7 milliardar lysår unna med ein masse som tilsvarar omtrent 800 billionar soler.[37]
GRB 060729 var eitgammaglimt som først vart observert den 29. juli 2006. Det er truleg signalet til eintype Ic supernova—kjernekollapsen til ei massiv stjerne.[38] Det var òg kjend for ein særleg langt etterglød av røntgenstråling, som var mogeleg å måle 642 dagar seinare.[39] Hendinga skjedde langt borte med eiraudforskyving på 0,54.[38]
Anglada-Escudé, Guillem; Arriagada, Pamela; Tuomi, Mikko; Zechmeister, Mathias (2014). «Two Planets around Kapteyn's Star : a Cold and a Temperate Super-jorda Orbiting the Nearest Halo Red Dwarf».Bibcode:2014MNRAS.443L..89A.arXiv:1406.0818.doi:10.1093/mnrasl/slu076.
Gray, R. O.; Corbally, C. J.; Garrison, R. F.; McFadden, M. T.; Robinson, P. E.; McGahee, C. E.; O'Donoghue, A. A.; Knox, E. R. (July 2006). «Contributions to the Nearby Stars (NStars) Project: Spectroskopy of Stars Earlier than M0 within 40 parsecs: The Southern Sample I».The Astronomical Journal132 (1): 161–70.Bibcode:2006AJ....132..161G.arXiv:astro-ph/0603770.doi:10.1086/504637.
Grupe, Dirk; Burrows, David N.; Wu, Xue-Feng; Wang, Xiang-Yu; Zhang, Bing; Liang, En-Wei; Garmire, Gordon; Nousek, John A.; Gehrels, Neil; Ricker, George R.; Bautz, Marshall W. (2010). «Late-Time Detections of the X-Ray Afterglow of GRB 060729 with Chandra—The Latest Detections Ever of an X-Ray Afterglow».The Astrophysical Journal711 (2): 1008–1016.Bibcode:2010ApJ...711.1008G.doi:10.1088/0004-637X/711/2/1008. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Lagrange, A.-M.; Bonnefoy, M.; Chauvin, G.; Apai, D.; Ehrenreich, D.; Boccaletti, A.; Gratadour, D.; Rouan, D.; Mouillet, D.; Lacour, S.; Kasper, M. (2010). «A Giant Planet Imaged in the Disk of the Young Star β Pictoris».Science329 (5987): 57–60.Bibcode:2010Sci...329...57L.doi:10.1126/science.1187187. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Pasinetti-Fracassini, L.E.; Pastori, L.; Covino, S.; Pozzi, A. (2001). «Catalogue of Apparent Diameters and Absolute Radii of Stars (CADARS) – Third edition – Comments and statistics».Astronomi and Astrophysics367: 521–24.Bibcode:2001A&A...367..521P.arXiv:astro-ph/0012289.doi:10.1051/0004-6361:20000451.
Pavlovski, K.; Cuypers, J.; David, M.; Griffin, R.E.M.; Hensberge, H.; Ilijic, S.; Schneider, H.; Verschueren, W. (1998). «The Nearby Ellipsoidal Variable TV Pictoris».Astronomi and Astrophysics331: 639–50.Bibcode:1998A&A...331..639P.
Tuomi, M.; Anglada-Escudé, G.; Gerlach, E.; Jones, H.R.A.; Reiners, A.; Rivera, E.J.; Vogt, S.S.; Butler, R.P. (2013). «Habitable-zone Super-jorda Candidate in a Six-planet System around the K2.5V Star HD 40307».Astronomi & Astrophysics549 (A48): 23.Bibcode:2013A&A...549A..48T.arXiv:1211.1617.doi:10.1051/0004-6361/201220268. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
Wagman, Morton (2003).Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company.ISBN978-0-939923-78-6.
Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006).3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books.ISBN978-1-55407-175-3.
Zucker, S.; Mazeh, T.; Santos, N.C.; Udry, S.; Mayor, M. (2004). «Multi-order TODCOR: Application to Observations Taken with the CORALIE Echelle Spectrograph. II. A Planet in the System HD 41004».Astronomy & Astrophysics426 (2): 695–98.Bibcode:2004A&A...426..695Z.doi:10.1051/0004-6361:20040384. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)