Arenarock | |||
![]() Queen iDrammen i april 1982 syner det spektakulære i ein arenarockkonsert. | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1960-åra til midten av 1970-åra | ||
Typiske instrument | |||
Andre emne | |||
Arenarock (òg kallaalbum-orientert rock [AOR],anthemrock,bedriftsrock,papparock,melodisk rock,pomp-rock ogstadionrock[1] er ein typerock som oppstod i midten av 1970-åra. Dåhardrockband og dei som spelte ein lettare, men likevel skingrande typepoprock vart stadig meir populære, byrja grupper å skape songar meint for store publikum, og arenarocken utvikla seg ved å bruke ein meir kommersiell og radiovenleg stil. Musikken var ofte kraftig produsert, med ofte livlege, dramatiske songar og langsamepowerballadar, med sterk vekt påmelodi og ofte allsongvenlege refreng. Andre kjennetiekn var bruken av gitareffektar og klaverinstrument.[2][3][4][5]
Mange av merkelappane nemnde over er brukt nedsettande,[3][6][5] og diskusjonane til kritikarane går ofte inn på spørsmål om musikarane fokuserer for mykje på show-delen og masseappellen enn den kunstnarisk kvaliteten, særskild med tanke på skilnadane mellom dei store lyttarmassane versus andre lyttarar.[3][6] Interessa i arenarock er stereotypisk rekna som noko kvite menn i arbeidarklassen og middelklassen i Canada og USA høyrer på,[3][4] som er blitt sitert som grunnlag for nedlatandefordomar oversosial status av somme kritikarar.[3] Musikkstilen er derimot populær verda over, særleg i samband med store turnear.[2][3][4]