Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

St. Gallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Gallen
by
St. Gallen-katedralen og gamlebyen.
Våpenskjold
Land Sveits
DistriktSt. Gallen
Areal39,41 km²
Folketal 78 213(31. desember 2023)[1]
Språktysk
ISO 3166-2 kodeCH-SG
Postnummer9000
Kart
St. Gallen
47°25′24″N9°22′38″E / 47.423333333333°N 9.3772222222222°E /47.423333333333; 9.3772222222222
Wikimedia Commons: St. Gallen

St. Gallen[a] er ein by og ein kommune og hovudstad ikantonenSt. Gallen iSveits. Kommunen har 72 959 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Byen ligg 675 meter over havet.

St. Gallen ligg ved elvaSteinach, ei elv som munnar ut iBodensjøen. Byen var grunnlagd på 600-talet og vaks opp rundt St. Gallen-klosteret, som vart skipa på 700-talet.[2] Bynamnet St. Gallen er ettervandrarmunkenGallus, så byen vert også kalla Gallusstadt.

I dag er byen rekna som det kulturelle og økonomiske senteret i Aust-Sveits. Han ligg på aksen mellom hovudårane St. Margrethen-Rorschach-St. Gallen-Winterthur-Zürich ogRomanshorn-St. Gallen-Rapperswil-Luzern, og er ein inngangsport til Appenzell-regionen. Største turistmåla i byen er stiftskyrkja og katedralen, det gamle St. Gallen-klosteret og stiftsbiblioteket. Alle bygningane er påverdsarvlista tilUNESCO.

Flyfoto av St. Gallen.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

St. Gallen ligg mellom to parallelle åsar, Rosenberg i nord og Freudenberg i sør. Dalen i mellom grensar i vest mot den djupe Sitterkløfta, i aust mot elva Steinach. Elva renn i dag, for størstedelen, i i ein overbygd kanal under byen.

Grunna den spesielletopografien i St. Gallen, vert byen også kalla byen med dei tusen trappene. Mange trapper er bygt til både Freudenberg og til Rosenberg.

Byen St. Gallen grensar mot kommunaneGossau i vest, Gaiserwald og Wittenbach i nord, Mörschwil, Untereggen og Eggersriet i aust. I sør grensar byen mot kantonenAppenzell Ausserrhoden.

Geologi

[endre |endre wikiteksten]

St. Gallen ligg på eit område med lausmassar. Store delar av byen er bygt på ustabil torvjord med ein stor del grunnvatn. Mange bygningar i midtbyen, inkludert sentralbanestasjonen og hovudpostkontoret, er difor bygt på pålar aveik.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

St. Gallen ligg i dentempererte klimasonen. Vestlege vindar ofte påverkar verlaget. Åsane i kring byen er dei første høgdene som skyene frå vest til aust støyter på, og det er såleis ofte mange dagar med regn eller snø på bakken. Regnskyene byggjer seg opp under alpefjella. I nordleg eller nordaustleg vind ligg St. Gallen under låge skyer, om vinterhalvåret vert det då kaldt og surt. Dette vert vanlegvis følgt av tett skodde. Dei kalde, fuktige luftmassane ligg langs bakken, medan veret er fint i høgareliggjande område, såkalla inversjon. Dei store vassmengdene iBodensjøen er med på å danne skodde, særleg om hausten og vinteren.

Om sommaren er veret prega av hyppig og langvarig nedbør, med kraftig torever mot kvelden. I tett skodde, noko som ofte er tilfelle om hausten, kan byen ligge meir eller mindre dekt. Grunna høgda over havet kan skodda fordampe ut over dagen. Ifønver er det sol og varmt. Med fønvind kan temperaturen stige 10° Celsius i løpet av få timar, trass i at byen ikkje ligg i det fremstenedslagsfeltet for sørlege vindar. Om vinteren fell nedbøren som snø, og kan på avsølte stader liggje til april.

Årleg gjennomsnittstemperatur er 7,4° C, gjennomsnittleg julitemperatur er 16°, i januar -1,8°. Den gjennomsnittlege nedbøren er 1 250 mm, størstedelen fell om sommaren.

Den katolske stiftskyrkja i St. Gallen.
Interiør i stiftsbiblioteket i St. Gallen.

Språk og samfunn

[endre |endre wikiteksten]

73 % av innbyggarane i St. Gallen var sveitsiske borgarar i 2006. Borgarar av utanlandske statar stod såleis for 27 % av det totale folketalet. Personar frå den tidlegare statenJugoslavia utgjorde 1/3 av dei utanlandske statsborgarane, medan innvandrarar fråTyskland ogItalia stod for høvesvis 17 % og 15 % av den utanlandske befolkninga.

Tysk er det offisielle språket og arbeidsspråket i byen. Talespråket er sanktgaller-tysk. I følgje folketeljinga i 2000 er tysk morsmål for 83 % av befolkninga.

Sidan Vadian leia innføringa avreformasjonen i St. Gallen, var byen St. Gallen eit senter og ei høgborg forprotestantismen i Sveits. Derimot heldt heile det kringliggjande området ved byen fram med å vere underlagt detkatolskeklosteret. I 1918 vart dei katolske forstadene til St. Gallen, Straubenzellstrasse og Tablatt, slått saman med byen. Fram til rundt 1950 låg prosenttalet med katolikkar og evangelisk reformerte tilnærma fast på i underkant av 50% kvar. Deretter har den reformerte delen falle til 27% i 2000, medan katolikkane på same tid utgjorde 44%. 10% var ikkje truande, medan det fanst i kring 7% av bådeislamske samfunn og av ulike andre kristnekyrkjesamfunn.

Styring

[endre |endre wikiteksten]

Byrådet har 63 medlemer. Forsamlinga møtest kvar månad til offentlege møte i Waaghaus ved Marktplatz. Fem av medlemene i byrådet, derimellomordføraren, har det daglege ansvaret for styringa av byen. Kvart fjerde år vert det halde val til byrådet. Valet i september 2008 gav åtte parti plass i byrådet.Sosialdemokratane (SP) fekk 15 av dei 63 plassane i forsamlinga og vart størst partigruppa.

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]

St. Gallen er eit økonomisk senter i Aust-Sveits. Nokre store forsikringsselskap og fleire bankar har hovudkontor i byen. Meir enn 85% av bedriftene i byen er i tenesteytande sektor, og særleg konsentrert om handel oginformatikk. Dei fremste utdanningsstadene er Universitetet i St. Gallen, grunnlagt 1898, og ein handelshøgskule. Den historisk viktigaste industrien,tekstilindustrien med sine St. Gallenbroderi, har spela ei minkande rolle sidan første verdskrigen.

Turisme er ei viktig næring i byen. Hotella hadde 169 000 overnattingar i 2006, 41% var utanlandske besøkande, hovudsakleg fråTyskland ogUSA. I gjennomsnitt låg gjestene to netter på hotella. Fremste turistmåla i St. Gallen erStiftskirche, ei kyrkje frå det 18. hundreåret ibarokk stil, og dessutan det nærliggande stiftsbiblioteket med sine gamle manuskript. Gamlebyen med sine tronge gater og utsmykkakarnapp minner om den rolla lerrets- og broderihandelen har spela i St. Gallen.

Idrett

[endre |endre wikiteksten]

FotballklubbenFC St. Gallen er den eldste fotballklubben i Sveits. Klubben, som rykte ned frå toppdivisjonen i 2011, har vorte sveitsiske seriemeistrar to gonger, 1904 og 2000. St. Gallen er rekna somhandballens mekka i Sveits. Handballklubben TSV St. Otmar St. Gallen spelar i førstedivisjon i Sveits, og har sidan 1964 sju gonger vorte sveitsisk meister, sist i 2001. I 1982 tapte klubben europacupfinalen. LC Brühl er den fremste kvinneklubben i handball og spelar i nasjonalserien. Klubben er, med sine 27 meisterskap og 7 cuptitlar, den mest suksessrike klubben i kvinnehandball i Sveits.

I september 2005, etter nesten eit tiår med planlegging, kom bygginga av eit nytt fotballstadion til 410 millionarsveitsiske franc i gang, vest i byen. Anlegget AFG Arena, som har ein kapasitet på 19 694 tilskodarar, vart opna 30. mai 2008 med ein landskamp, der Sveits vann med 3–0 overLiechtenstein.

Våpenskjold

[endre |endre wikiteksten]

Byvåpenet til St. Gallen er til minne om legenda om Gallus og bjørnen. Det viser ein hannbjørn med erigert penis og ein gyllen krage. KeisarFredrik III gav i 1475 byen rett til dette våpenskjoldet, i takksemd for støtta under deiburgundiske krigane.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Reichsstadt Sankt Gallen
Stat iDet tysk-romerske riket(to 1499 / 1648)
TilknyttSveits ogprotektorat(1454–1798)

1401–1798
HovudstadSt. Gallen
StyreformRepublikk
Historisk periodeMellomalderen
 - Byen grunnlagdca. 612
 - FekkReichsfreiheit1401
 - Klosteret vart eit
    sveitsisk
    protektorat


17. august 1451
 - Tilknytt og protektorat
    i Det sveitsiske
    eidsforbundet


13. juni 1454
 - Den schwabiske
    krigen
:de facto
    sjølvstendig fråHRE


1499
 - Freden i Westfalen:
    de jure sjølvstendig

1648
 - Annektert av
    Helvetiske Rep.
    kantonen Säntis


1798
 - Helv. Rep. kollapsa;
    byen og klosteret
    innlemma i
    kantonen St. Gallen



1803

Legenda om den heilage Gallus er datert til år 612 e.Kr.Benediktinarklosteret i St. Gallen vart grunnlagt i året 719. År 1180 vart St. Gallen såkallafri keisarby. I 1319 gjekk byen i forsvarsforbund medLindau ogÜberlingen, eit forbund som gjennom det komande hundreåret vart utvida då andre stader vedBodensjøen slutta seg til. 1349 vart byen råka avSvartedauen. 23. juni 1454 svor byen St. Gallen på å slutte seg til det sveitsiske eidsforbundet. Tre år seinare betalte byen ein løysesum tilabbeden/fyrsten på benediktinarklosteret.

Byen sitt vedtak om å gå medreformasjonen førte til ein langvarig strid mellom borgarskapen i byen og abbeden i klosteret med heile detkatolske omlandet. Denne striden vart avslutta først etter danninga av kantonen St. Gallen. To pestepidemiar undertrettiårskrigen, i 1629 og 1635, kravde høvesvis 2 420 og 1 000 menneskeliv, omtrent ein femdel av befolkninga. Vedfreden i Westfalen i 1648 fekk St. Gallen både formelt og endeleg sjølvstende frå det tyske riket.

På 1800-talet var det djupe, sekteriske splittingar mellom byen og forstadene. Hærstyrkar frårepublikken Helvetia marsjerte i 1804 inn i området. Både byen St. Gallen og dei kringliggjande landområda til abbeden, i tillegg til Appenzellane, vart hærsett. Abbeden rømde tilWien med ein stor del av rikdomane til abbediet. 113 meinigheiter danna seinare ei samanslutning som tok over eigedomane til klosteret og som vidareførar av den katolske tru. Kantonen St. Gallen er framleis ansvarleg for å finansiere presteskapet i distriktet og for tilsynet med katolsk vidaregåande skule.

Den økonomiske boomen i byen St. Gallen byrja allereie under reformasjonen, med framveksten av den aust-sveitsiske tekstilindustrien. Både rundt 1810 og etter 1922 var det store kriser i tekstilindustrien. Tekstilkrisa førte i 1816 til at det braut ut hungersnaud, der rundt to tusen menneske svalt i hel. Krisa i verdsøkonomien på 1930-talet råka det no berømte St. Gallen-broderiet hardt. I kring 13 000 innbyggjarar flytta frå byen på nokre få år.

Panoramabilete av St. Gallen.

Byen St. Gallen og kantonen St. Gallen vedtok i 1852 om å gå saman om å byggejarnbane fråZürich til St. Gallen tilWil og vidare tilRorschach, jarnbanen stod ferdig fire år seinare. Elektrisk trikk vart innvigd i byen i 1897. Bankverksemd og forsikringsselskap har sidan vore viktige for vidare vekst. I dag er St. Gallen det økonomiske og kulturelle sentrum i Aust-Sveits og Alpenrhein.

Merknader

[endre |endre wikiteksten]
  1. franskSaint-Gall,italienskSan Gallo,retoromanskSon Gagl

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3«Ständige Wohnbevölkerung nach Staatsangehörigkeitskategorie, Geschlecht und Gemeinde, definitive Jahresergebnisse, 2023»; utgjevingstidspunkt: 22. august 2024; vitjingsdato: 14. september 2024.
  2. Ernst Tremp: Sankt Gallen (Fürstabtei)tysk,fransk ogitaliensk i det nettbaserteHistorisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera. Versjon frå 2017-03-16.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Reiseguide forSt. Gallen frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld:St. Gallen
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=St._Gallen&oldid=3595198»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp