Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Srinivasa Ramanujan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Srinivasa Ramanujan

Fødd22. desember1887
Erode
Død26. april1920
Kumbakonam
NasjonalitetBritisk India
Områdekombinatorikk,talteori,matematikar
Yrkematematikar
InstitusjonarTrinity College i Cambridge
Chennai Port
Alma materTrinity College i Cambridge
Town Higher Secondary School
Government Arts College, Kumbakonam
Pachaiyappa's College
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarG.H. Hardy
John Edensor Littlewood
EktefelleJanakiammal
MedlemRoyal Society
Srinivasa Ramanujan

Srinivasa Aiyangar Ramanujan (22. desember 188726. april 1920), påtamilஸ்ரீனிவாஸ ஐயங்கார் ராமானுஜன், var ein sjølvlært,genierklærtmatematikar frå den noverande delstatenTamil Nadu iIndia. Han arbeidde særleg medanalytisk talteori.

Livssoge

[endre |endre wikiteksten]

Ramanujan var fødd iErode. Han utvikla svært kompliserteteorem, fleire som ingen andre indiske matematikarar kunne forstå. I1913 sende han eit brev tilG.H. Hardy vedTrinity College iCambridge der han lista opp ei lang rekke slike teorem. Etter noko nøling inviterte Hardy Ramanujan til England. Indaren på si side måtte overtyda mora si om at reisa var viktig; ho var redd for at han ville mistakasta si om han forlet India.

I England gjorde Ramanujan stor suksess. Han blei einFellow vedTrinity og iRoyal Society, det engelske kongelege selskapet, som var den høgaste æra innan naturvitskap idet britiske imperiet. Opphaldet verka derimot dårleg inn på helsa hans, kanskje grunnastress og dårleg tilgang påvegetarmat underden første verdskrigen. Ramanujan fekk diagnosentuberkulose og sterkvitaminmangel, men nyare forsking tyder på at han kan ha hatthepatitt.

Ramanujan drog tilbake til India, der han døydde iKumbakonam i 1920. Han etterlet seg ei kone,SrinivasaJanakiAmmal, som budde utanforChennai fram til ho døydde i1994. Dei to var blitt formelt gifte då ho var ni år gammal, ein nokså vanleg skikk i India på denne tida.

Ramanujan og tala

[endre |endre wikiteksten]

MatematikarenJohn Edensor Littlewood sa om Ramanujan at «kvart positive heiltal er ein av Ramanujans personlege vener». I ei kjend historie kunne indaren på ståande fot forteljaHardy kvifortalet 1729 var så interessant.

Som matematisk arv etterlet Ramanujan seg fleire hundre ark med teorem på, utan prov. Han hadde truleg gjort sjølve utrekninga på ei steintavle for å spara dyrtpapir. Fleire matematikarar har arbeidd for å prova teorema hans, mellom annaG. H. Hardy,G. N. Watson,B. M. Wilson ogBruce Berndt.

Ramanujan meinte sjølv at evnene hans kom fråGudinna.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Srinivasa_Ramanujan&oldid=3242048»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp