Spitsbergen (tidlegare Vestspitsbergen) er den største øya i øygruppaSvalbard iNordishavet. Øya har eit areal på 37 673 km²[1], og er med det den største øya iKongeriket Noreg, meir enn ti gonger så stor somHinnøya, den største øya langs norskekysten. Omlag 58,5 % av øya er isdekt.
Øya vart oppdaga avnederlendarenWillem Barents i1596, og han gav øya namn. Namnet gav han fordi det var så mange høge, spisse fjell der. Namnet Spitsbergen vart tidlegare nytta om heile øygruppa Svalbard. Ho er om lag 450 km lang og mellom 40 og 225 km brei. Sidan Spitsbergen ligg langt innanforpolarsirkelen har ho midnattssol frå seint i april til seint i august. Frå rundt 26. oktober til rundt 15. februar er det mørketid.
Namnet på Spitsbergen vart gjeve av den nederlandske oppdagarenWillem Barents, som oppdaga øya då han leitte etterNordaustpassasjen i1596. Øygruppa kan derimot ha vore kjend for russiskepomorar på jakt så tidleg som på 1300- eller 1400-talet, men ein har ikkje funne spor etter dette folket frå før 1600-talet. Pomorane konkluderte med at dei hadde funne ein del avGrønland og kalla områdetGrumant (Грумант). NamnetSvalbard er fyrst nemnt iislendingesogene frå 900- og 1000-talet, men dei kan òg referere tilJan Mayen ellerGrønland.
Spitsbergen er ein av tre busette øyar i øygruppa og med heimel iSvalbardtraktaten kan allesignaturstatar slå seg ned på øygruppa. For tida er det berreNoreg ogRussland som nyttar seg av denne retten. Den største busetnaden på Spitsbergen er den norskeLongyearbyen, medan den nest største er den russiskekolgruvebyenBarentsburg. Nederlendarane selde rettane til byen til det sovjetiske gruveselskapet Arktikugol i 1932. Andre busetnader på øya er dei tidlegare russiske gruvebyane Grumantbyen og Pyramiden (fråflytt i høvesvis 1961 og 1998), ein polsk forskingsstasjon vedHornsund og den avsidesliggjande nordlege busetnadenNy-Ålesund.
Geografi på Spitsbergen
På grunn av dyreliv og havstraumar slo tidlegekvalfangstekspedisjonar til Svalbard hovudsakleg seg ned på Vestspitsbergen og øyane utanfor kysten.
Kvadehuksletta, på Vest-Spitsbergen, er kjend for sine unike steinformasjonar, inkludert særs sirkelforma steinar og labyrintliknande mønster. Ein meiner desse formasjonane kjem avtelehiv.
Allierte soldatar var stasjonert på øya i 1941 for å hindre atNazi-Tyskland skulle okkupere øyane. Øyane vart offisielt lagt tilNoreg i 1920-åra, men landet kom inn undertysk okkupasjon i 1940. Dei fleste innbyggjarane på øya var russarar (Sovjetunionen hadde ein ikkje-åtaksavtale med Tyskland fram til 22. juni 1941).Storbritannia ogCanada sendte militære styrkar til øya for å øydeleggje installasjonane og hindre tyskarane frå å okkupere ho.[2]
Den norske regjeringa bygde eit frøkveld for å lagre frø frå så mange planter i verda som råd. Kvelvet består av ein 120 meter lang tunnel på Spitsbergen med ein naturleg temperatur på -6 °C. Frøa ligg lagra i to åtskilde kveld i enden av tunnelen med ein temperatur på -18 °C.