Byen vart offisielt grunnlagt i 1838 som fortet og busetnadenAleksandrija (Александрия). Fortet fekk det nye namnetNavaginskij (Навагинский) alt i 1839. Underkrimkrigen vart det gjeve opp av dei russiske styrkane og vart ikkje gjenoppbygd før i 1864 som utpostenDakhovskij (Даховский). I 1874 fekk utposten det nye namnetDakhovskij Posad(Даховский Посад).
Byen fekk så namnet Sotsji i 1896. Det nye namnet er fråybiske namnet på elva som renn gjennom byen,Soatsjsje (eventuelt frå detadygiskeSjatsja).
UnderSovjetunionen utvikla byen seg til ein særs populær kur- og badeby.Josef Stalin bygde seg eindatsja der og han vert rekna for å ha vore hans yndlingsdatsja. Den russiske staten har framleis ein representasjonsstad der, dit dei stundom tek med seg utanlandske dignitærar.
Sotsji og omlandet har det varmaste klima i Russland. Snø er ytst sjeldan i låglandet, sidan gjennomsnittstemperaturen i dei kaldaste månadane er +7 C (januar og februar). I juli er gjennomsnittstemperaturen + 26 C. Somrane er lange og varme, noko som saman med kjeldene, grønkledde fjell og fine strender langs Svartehavet, har gjort byen til ein populær ferieby.
Byen har eitdelfinarium og mange sportsanlegg fortennis, fotball og symjing. Om vinteren er det skisport i fjella nokre få mil innanfor byen. Kvar sommar vert filmfestivalen «Kinotavr» halden i Sotsji.
Den 4. juli 2007 vart det avgjort at Sotsji skulle arrangereVinter-OL 2014.
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2024