Sophia Magdalena «Sophie» Scholl (9. mai 1921–22. februar 1943) var ein tysk student fråForchtenberg som var medlem avDen kvite rosa, ei kristen opposisjonell gruppe som engasjerte seg mot det nasjonalsosialistiske regimet ved å dele ut regimekritiske pamflettar. Ho blei dømd til døden for landsforræderisk fiendestøtte, førebuing til høgforræderi og undergraving av stridsevna, og avretta medgiljotin 22 år gammal.
Sophie Scholl var dotter av Magdalena (1881-1958) ogRobert Scholl (1891-1973). Mora var diakonissesøster og faren jurist og liberalar som var borgarmeister i Forchtenberg og seinare blei overborgarmeister iUlm. Sophie hadde fire søsken, og heimen var kristeleg-humanistisk prega. Familien Scholl varprotestantisk.
I barneåra trudde Sophie Scholl på det nasjonalsosialistiske samfunnsidealet. Ho blei medlem avBund Deutscher Mädel då ho var tolv, og blei eit leiande medlem av ungjenteorganisasjonen i BDM. Entusiasmen gjekk gradvis over til kritikk, ettersom ho blei klar over dei regimekritiske oppfatningane til faren, så vel som nokre vener og nokre lærarar. Den politiske haldninga blei etterkvart eit viktig kriterium for hennar val av vener.
I 1940 byrja ho å studere til barnepleiar, og håpa dermed å unngåriksarbeidstenesta. Ho blei likevel tvangsutskriven til riksarbeidsteneste, tenesta vart også forlengd til å gjelde krigshjelpteneste. Det ho opplevde forsterka motviljen mot det nasjonalsosialistiske regimet. I mai 1942 byrja ho å studerebiologi ogfilosofi vedLudwig-Maximilians-universitetet iMünchen. I sommarferien same året måtte ho gjere arbeidsteneste ved jernverket iUlm. Ved den tid sat faren fengsla på grunn av ein kritisk kommentar omHitler til ein medarbeidar. Bror til Sophie hadde forsøkt å halde henne utanfor aktiviten til Den kvite rosa, men ho insisterte på å delta. I starten av sommaren deltok også Sophie i produksjonen og distribusjonen av pamflettane til Den kvite rosa.
Den 18. februar1943 vart Scholl arrestert mens ho delte ut den sjette pamfletten på universitetet i München. Ho og broren blei oppdaga av vaktmeisteren, og tatt inn tilGestapo i München, der Sophie Scholl blei avhøyrt av kriminaloversekretær Robert Mohr. Ho benekta først alt, men etter at broren tilstod valde også ho å tilstå. Ho og broren prøvde å ta alt ansvar for pamflettane, for å verne venene. 22. februar 1943 blei Sophie, brorenHans ogChristoph Probst dømde til døden avFolkedomstolen. Leiaren for domstolen,Roland Freisler, var komen til München frå Berlin for å leie rettssaka. Nokre timar etter domen var fallen, blei ho avretta med giljotin i fengseletMünchen-Stadelheim av skarprettar Johann Reichhart, under oppsyn av leiaren for avrettingsavdelinga ved landretten i München, førstestatsadvokat Walter Roemer. Til stades ved avrettinga var også assistenten til Roemer, ein prest, ein lege og tre skarprettarassistentar. Scholl er gravlagd på gravlundenAm Perlacher Forst like i nærleiken.
Sophie Scholl er portrettert i tre filmar.Lena Stolze spelte Sophie Scholl både iMichael Verhoevens filmDie weiße Rose ogPercy Adlons filmFünf letzte Tage, begge frå1981. I februar 2005 kom filmenSophie Scholl – Die letzten Tage ut, derJulia Jentsch spelar Scholl. Den siste filmen er basert på avskrifter frå avhøyra av henne og grundig forsking, og er historisk korrekt og detaljtru.
I 2003 blei ei byste av Sophie Scholl innvigd iWalhalla-tempelet.
Hans og Sophie Scholl var lenge dei einaste ikkje-kommunistiske opposisjonelle under nazitida som blei offentleg heidra av styresmaktene iDDR.