Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sonny Turner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonny Turner
Fødd24. september1939
FødestadFairmont
Død13. januar2022 (82 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Instrumentvokal
Verka somsongar

Sonny Turner (fødd24. september1939 iFairmont i Vest-Virginia) er ein USA-amerikansk songar som er mest kjend for å ha tatt over plassen tilTony Williams som frontmann iThe Platters.

Før han arbeidde med The Platters var Turner frontmann i ei lokal vokalgruppe kalla The Metrotones. Då dei spelte på ein lokal klubb i Cleveland som oppvarming forRedd Foxx, vart Turner møtt av den lokale DJ-en Bill Crane. Han spurte om Turner var interessert i å prøvesyngje for The Platters for å erstatte frontmannen deira Tony Williams, som var på veg ut av bandet. Turner vart vald ut av 100 håpefulle seint i 1959. Turner, som haddeJackie Wilson som ven og mentor, pusta nytt liv i The Platters som fekk tre nye hitsinglar: «I Love You 1000 Times» i 1966, «With This Ring» i 1967 og «Washed Ashore» i 1968. Han spelte òg inn mange av dei tidlegare hittane til The Platters inn på ny, og det er Turner sin vokal ein kan høyre på Platters-songane i filmar somThe Nutty Professor 2 ogHearts in Atlantis.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wayne Miller · Valerie Victoria · Frank Pizarro · Cheo Bourne ·Cornell Gunter ·Barbara Randolph ·Herb Reed ·Zola Taylor ·Sonny Turner ·Tony Williams
Singlar
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sonny_Turner&oldid=3438615»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp