Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Somme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjåelva Somme
Somme
Våpenskjoldet til {{{department}}}
Våpenskjoldet til Somme
Plassering
Plasseringa til Somme i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer:80
Region:Hauts-de-France
Préfecture:Amiens
Sous-préfectures:Abbeville
Montdidier
Péronne
Arrondissement:4
Kantonar:46
Kommunar:783
Président du conseil général:Daniel Dubois
Statistikk
FolketalRangering 40.
 -1999555 551
Folketettleik:90/km²
Landareal¹:6 170 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Somme er eitdepartement nord iFrankrike. Departementet ligg iregionenHauts-de-France, og har namn etterelva Somme.

Mange slag iden første verdskrigen fann stad i Somme, og fleire store monument til soldatane frå dei forskjellige landa står i dag i departementet. Her ligg òg store kyrkjegardar med dei mange soldatane som fall på slagmarkene.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Somme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta4. mars1790 underden franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dentidlegare provinsenPicardie.

Slaga ved Somme

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåSlaget ved Somme.

I1916 var Somme åstad for eit av dei største slaga underden første verdskrigen med meir enn ein million omkomne. Det er òg eit av dei blodigaste slaga i historia. Deiallierte styrkane prøvde å bryte gjennom deityske linjene langs ein 40 km lang front nord og sør for elvaSomme nord i Frankrike. Eit mål med slaget var å trekke tyske styrkar bort fråSlaget ved Verdun, men til slutt vart tapa større ved Somme enn vedVerdun.

Medan Verdun sat djupt i nasjonalkjensla til Frankrike i generasjonar framover, hadde Somme same effekt på generasjonar av britar. Slaget er mest kjend for den første kampdagen,1. juli1916 der 57 470 britiske soldatar vart skada eller drepne, inkludert 19 240 omkomne, noko som er den blodigaste dagen i historia tilDen britiske hæren. Slaget var sjølvsagt frykteleg for dei andre nasjonane som deltok òg. Ein tysk offiser skildra det som «den gjørmete grava til den tyske arme». Mot slutten av slaget hadde britane fått mange leksjonar i moderne krigføring, medan tyskarane leid uerstattlege tap. Den britiske historikaren Sir James Edmonds sa «Det er ikkje å ta for hardt i med å hevde at grunnlaget for den siste sigeren på Vestfronten vart gjort med Sommeoffensiven i 1916»

I 1918 vart Somme igjen åstad for to mindre slag.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Hauts-de-France og grensar til departementaPas-de-Calais,Nord,Aisne,Oise ogSeine-Maritime, i tillegg tilDen engelske kanalen.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kallaSommois..

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Somme
Fastlands-Frankrike
02Aisne · 01Ain · 03Allier · 04Alpes-de-Haute-Provence · 05Hautes-Alpes · 06Alpes-Maritimes · 07Ardèche · 08Ardennes · 09Ariège · 10Aube · 11Aude · 12Aveyron · 13Bouches-du-Rhône · 14Calvados · 15Cantal · 16Charente · 17Charente-Maritime · 18Cher · 19Corrèze · 2ACorse-du-Sud · 2BHaute-Corse · 21Côte-d'Or · 22Côtes-d'Armor · 23Creuse · 24Dordogne · 25Doubs · 26Drôme · 27Eure · 28Eure-et-Loir · 29Finistère · 30Gard · 31Haute-Garonne · 32Gers · 33Gironde · 34Hérault · 35Ille-et-Vilaine · 36Indre · 37Indre-et-Loire · 38Isère · 39Jura · 40Landes · 41Loir-et-Cher · 42Loire · 43Haute-Loire · 44Loire-Atlantique · 45Loiret · 46Lot · 47Lot-et-Garonne · 48Lozère · 49Maine-et-Loire · 50Manche · 51Marne · 52Haute-Marne · 53Mayenne · 54Meurthe-et-Moselle · 55Meuse · 56Morbihan · 57Moselle · 58Nièvre · 59Nord · 60Oise · 61Orne · 62Pas-de-Calais · 63Puy-de-Dôme · 64Pyrénées-Atlantiques · 65Hautes-Pyrénées · 66Pyrénées-Orientales · 67Bas-Rhin · 68Haut-Rhin · 69Rhône -Métropole de Lyon · 70Haute-Saône · 71Saône-et-Loire · 72Sarthe · 73Savoie · 74Haute-Savoie · 75Paris · 76Seine-Maritime · 77Seine-et-Marne · 78Yvelines · 79Deux-Sèvres · 80Somme · 81Tarn · 82Tarn-et-Garonne · 83Var · 84Vaucluse · 85Vendée · 86Vienne · 87Haute-Vienne · 88Vosges · 89Yonne · 90Territoire de Belfort · 91Essonne · 92Hauts-de-Seine · 93Seine-Saint-Denis · 94Val-de-Marne · 95Val-d'Oise
Det franske flagget
Oversjøiske område
971Guadeloupe · 972Martinique · 973Guyane · 974Réunion · 976Mayotte ·Collectivités d'outre mer: · 975Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale) · 977Saint-Barthélemy (collectivité territoriale) · 978Saint-Martin (collectivité territoriale) · 986Wallis-et-Futuna · 987Fransk Polynesia (pays d'outre-mer) · 988Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis) ·
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Somme&oldid=3000306»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp