Sojuz 11 var namnet på det førsteSojuz-fartøyet som lukkast med å kopla seg opp motromstasjonenSaljut 1. Dei trekosmonautane om bord,Georgij Dobrovolski,Viktor Pazajev ogVladislav Volkov vart dermed dei første menneska til å opphalde seg i ei romstasjon.
Sojuz 11 vart skoten opp den 6. juni1971 fråKosmodrom Bajkonur og kopla seg til Saljut 1 dagen etter, den 7. juni 1971 og var om bord romstasjonen for 22 dagar. Ved tilbakekomsten den 30. juni 1971 omkom dei tre kosmonautane avoksygenmangel. Ein luftventil som skulle utlikne trykket ved landing, hadde opna før den skulle og dermed slept all lufta ut i verdsrommet.Kosmonautane vart gravlagd på staten sin kostnad.
Romkapselen vart i etterhand endra, slik at det berre var plass til to mann, begge med romdrakter. Dette for å auke sikkerheita til kosmonautane.