Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sofiadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sofiadalen (bulgarsk: Софийска котловина,Sofijska kotlovina, eller Софийско поле,Sofijsko pole) er ein dal sentralt i det vestlegeBulgaria, kalla opp etterSofia som ligg i dalen. Han ligg mellomBalkanfjella i nordaust, fjellaViskjar,Ljulin,Vitosja ogLozenska planina i sørvest,Vakarel i søraust og dei låge Slivnitsahøgdene i nordvest.

Etter at dalbotn vart danna vart elvaIskar blokkert og heile dalen vart ein innsjø, som danna det sand- og leiraktige jordsmonnet som no dekkjer det meste av dalen. Innsjøen forsvann då elva grov seg gjennom Balkanfjella og danna Iskarjuvet.

Sofiadalen har mangemineralkjelder, som Gorna Banja, Pantsjarevo og Bankja. Desse kjeldene og den seismiske aktiviteten kjem som resultat av forkastinga i dalen.

Utsyn overSofia og Sofiadalen fråVitosja. Ein kan sjåBalkanfjella i horisonten;Iskarjuvet er midten av bilete.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sofiadalen&oldid=2583875»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp