Sofia (bulgarsk София,Sofija) er hovudstaden og den største byen iBulgaria. Byen ligg i den vestlege delen av landet, iSofiadalen ved foten av fjelletVitosja, og er det administrative, kulturelle og økonomiske senteret i landet. Byen har vel 1,2 millionar innbyggjarar, og er med det den 15. største byen iEU.
Kommunen Sofia, som òg blir omtalt som«Hovudstad» (bulgarsk Столична), er den einastekommunen ibyprovinsenSofia. Han omfattar sjølve byen Sofia, dei tre mindre byaneNovi Iskăr,Bankja ogBukhovo, i tillegg til 34 andre busetnader.
Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 700-talet fvt., dåthrakarar busette seg her. Byen har mellom anna òg voreromersk busetnad. Namnet på byen kjem frå gresk og betyr «visdom», og byen har hatt mange forskjellige namn gjennom tidene, og ein kan framleis sjå spor etter den lange historia til byen.
Kommunen har eit areal på 1 329 km².[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 1 274 290 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 1 183 400 innbyggjarar.[2]
Kommunen Sofia er den einaste kommunen ibyprovinsen Sofia, ein av 28 provinsar i Bulgaria (som ikkje må forvekslast medprovinsen Sofia, som ligg rundt, men ikkje inkluderer byen). Kommunen, som omfattar byen Sofia, tre andre byar og 34 landsbyar, er delt inn i 24distrikt.[1][5]
Sofia vart grunnlagd avthrakarar somSerdica, kalla opp etter den thrakiske stammaSerdi. Rundt 500-talet fvt. busette stammaOdrysi seg i området, kjend sompersonar (ethnos) med sitt eige kongedøme. Under ein kort periode på 300-talet fvt. kom byen inn underFilip II av Makedonia og son hansAleksander den store.
Rundt år 29 e.Kr vart Sofia erobra avRomarriket og omdøypt tilUlpia Serdica. Byen vart eitmunicipium, eller senter for ein administrativ region under styret til keisarTrajanus (98-117). Den første nedskrivinga om Serdica vart gjort avKlaudios Ptolemaios (rundt 100 e.Kr). Byen vart utvida med små tårn på bygningar, bymurar, offentlege bad, administrative og kulturelle bygningar, einbasilika og eit stortamfiteater kalla Bouleutherion. Då keisarDiocletianus dela provinsenDakia i Dacia Ripensis (ved breidda avDonau) og Dacia Mediterranea, vart Serdica hovudstad i Dacia Mediterranea. Byen vart utvikla dei neste 150 åra, ogKonstantin den store kalla byen«Mitt Roma».
Serdica var ein mellomstor by, men var praktfull med planlagd planering og arkitektur, og eit aktivt sosialt liv. Byen blømde under leiing av denbysantiske keisarenJustinianus, då det vart bygd store slottsmurar kring byen, som ein framleisk kan sjå delar av i dag.
Byen vart øydelagd avhunarar i år 447, men vart gjenoppbygd av Justinianus og omdøypt tilTriaditsa.
Sofia vart før ein del av Det første bulgarske riket under styret tilKrum i år 809. Etter dette vart byen kjend under det slaviske namnetSredets og voks til ein viktig festning og administrativt sentrum.
Etter fleire mislykka omleiringar fall byen inn under Det bysantiske riket i år 1018, men vart igjen ein del av Det andre bulgarske riket og styret tiltsarIvan Asen I.
Frå 1100- til 1300-talet var Sofia ein viktig handel- og handverksstad. Han vart gjeve namnetSofia (gresk for visdom) i år 1376 etter kyrkja St. Sofia. Byen vart kalla både Sofia og Sredets fram til 1500-talet] då det nye namnet gradvis erstatta det gamle.
Sofia kom etter kvart inn underDet osmanske riket under leiing avMurad I i år 1382] og vart hovudstad i den osmanske provinsen (beylerbeylik)Rumelia, som eksisterte til 1715 då dei fleste katolikkar emigrerte.
Sofia var frigjeve avrussiske troppar i år 1878 under den russisk-tyrkiske krigen (1877-1878) og vart hovudstad i det autonome fyrstedømet Bulgaria i år 1879, som vart kongedømet Bulgaria i 1908.
Underden andre verdskrigen vart Sofia bomba av allierte luftstyrkar seint i 1943 og tidleg 1944, og vart seinare okkupert avSovjetunionen. Bulgaria sitt regime, som allierte landet medNazityskland, vart styrta og Sofia vart hovudstad i den kommuniststyrte Folkerepublikken Bulgaria (1944-1989).
Sofia ligg strategisk til påBalkan, og er omgjeve av fjell på tre sider. Tre fjellovergangar går gjennom byen, som derfor sidan antikken har lege ved ein svært viktig veg fråAdriahavet ogSentral-Europa tilSvartehavet ogEgearhavet.
Fleire mindre elvar renn gjennom byen, mellom annaVladajska ogPerlovska.Iskar renn nær dei austre delane av Sofia. Byen er òg kjend for mangemineralkjelder. Det siste hundreåret er det vorte bygd fleire kunstige innsjøar.
Byen ligg 150 km nordaust forPlovdiv, den nest største byen i Bulgaria, 390 km vest forBurgas, 470 kilometer vest forVarna, som er den største hamnebyen i Bulgaria ved kysten av Svartehavhet.
Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og blandar historia sin med notida med ein merkverdig arkitektstil. Historiske landemerker er mellom annaBojanakyrkja frå 900-talet (ein del av Bulgaria sinverdsarv), og Alexander Nevskijkatedralen (ei av verdas største ortodokse kyrkjer), og den tidlege bysantiske St. Sofiakyrkja.
Meir moderne arkitektur kan ein sjå på den bulgarske nasjonaloperaen og balletten, Ivan Vazov nasjonalteater, Rakovskigatan teaterdistrikt, Slavejkovtorgets utandørs bokmarked, og Kulturens nasjonalpalass, som er Søraust-Europa sitt største kultur- og kongressentrum.
Det finst 16 universitet i byen, mellom annaSofia universitet, grunnlagd i år 1888. Sofia er òg setet for eit austortodoks og eit romersk-katolsk stift.
I Sofia finst det mange museum, mellom anna det historiske nasjonalmuseumet, det bulgarske naturhistoriske museum, jord- og menneskemuseumet, det etnografiske museet, det militærhistoriske nasjonalmuseet, det nasjonale polytekniske museet, og det nasjonale jordbruksmuseet. I tillegg finn ein Sofia kunsthall, det bulgarske nasjonalgalleriet for kunst, det bulgarske nasjonalgalleriet for utanlandsk kunst i tillegg til fleire private kunstgalleri.
Heile hovudstadskommunen hadde totalt 1 326 377 innbyggjarar i år 2006,[6] ein folketettleik på 917,8 innbyggjarar per kvadratkilometer, det høgaste i landet. Sjølve byen hadde totalt 1 203 680 innbyggjarar.[7]
Forholdet mellom kvinner per 1 000 menn var 1 114 og innbyggjaraldringa var 100,3. Fødselsraten per 1 000 innbyggjarar var 7,9, som stadig har minka dei siste 15 åra, medan dødsraten på 12,2 veks.
Arbeidsløysa er markert lågare enn i andre delar av landet - 2,45 % av den yrkesaktive folkesetnaden i 1999, i forhold til 8,97 % for heile Bulgaria i august 2006. Den store delen av arbeidslause med høgare utdanning, 27 %, i forhold til berre 7 % for resten av landet, er karakteristisk for hovudstaden.
Sofia er det økonomiske sentrumet i Bulgaria. Produksjonssektoren i økonomien er representert av over 800 store fabrikkanlegg, inkludert metallprodukt (75 % av den totale produksjonen i landet), tekstil, gummi og lêrprodukt, trykkprodukt (50 % av den totale produksjonen) og elektronikkprodukt (15 % av den totale produksjonen). Sofia er òg landet sitt finansielle sentrum og heimstad forDen bulgarske nasjonalbanken (i lag med fleire andre bankar). Konstruksjon, handel og transport er andre viktige seksjonar i den lokale økonomien.
Med sin velutvikla infrastruktur og strategiske plassering er Sofia eit viktig sentrum for internasjonale jarnbanar og bilvegar. Alle større typar transport (bortsett frå vasstransport) er representert i byen, og det finst åtte jarnbanestasjonar, eit flykontrollsenter, ogSofia flyplass (sentrum for flyselskapetBulgaria Air). Treeuropavegar går gjennom byen: 4, 8 og 10.
↑1,01,11,2Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018Arkivert 2021-08-01 vedWayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1:Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)