Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Snøggmat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ulike typar snøggmat:

Ein mann iMussoorie står klar til å raskt blanda ulike ingrediensar og laga indisk snøggmat.

Snøggmat ellersnarmat er omsetjingar av detengelske omgrepetfast food, og vert brukt om ferdig tillaga varmmat som ein kan bli servert i enklekaféar,buer eller liknande. Maten har fleire fordelar; han er billig, godt likt av mange, både rask å få tak i og rask å eta, men får òg mange klager, som at han er usunn eller øydeleggjande for tradisjonellmatkultur.

Mattypen har utvikla seg i samband med det moderne samfunnet, der folk går meir ut for å jobba eller hygga seg, og samstundes bruker mindre tid i heimen. I tillegg til å lagast fort kan han òg etast fort, noko som passer til ein travel kvardag. Mykje av snøggmaten kan òg etast utanbestikk, noko mange opplever som enklare. Så enkelt er det at det er blitt sett fram klager om at ungar som et mykje snøgmat, ikkje lærer å bruka bestikk i det heile.

Utsalsstader

[endre |endre wikiteksten]
Ein McDonald's iSt. Petersburg.

Det finst mange sjølvstendige utsal som sel snøggmat, somkioskar ogbodar, men verdsmarknaden er prega av store, gjernemultinasjonale kjedar som serverer heilt lik mat overalt. Dette konseptet vart funne på avMcDonald's, som er den klart største slike kjeda.

I tillegg til å eta slik mat ute, er det òg blitt populært å ta han med seg frå ein «take-away» eller få han levert heim til seg, slik at ein ikkje eingong treng gå ut av huset for å eta snøggmat.

Helse og miljø

[endre |endre wikiteksten]
Feitthaldigepommes frites ogkyllingbitar fråKFC.

Grunnen til at snøggmat vert rekna som usunn er at han ofte inneheld svært mykjefeitt ogsalt, og lite av viktige næringsstoff. Ein kropp som hovudsaklege lever på snøggmat, vil etter kvart forfalla, noko som mellom anna blei illustrert idokumentarfilmen «Super Size Me», om ein mann som berre levde på mat frå McDonald's i ein månad.

Produksjon og kjøp av snøggmat fører òg ofte til press motmiljøet. Utstrekt bruk avemballasje,tallerkar,glas og bestikk som berre kan brukast éin gong sløser med råvarer og energi, og fører tilforsøpling. Store krav om ein viss type råvare, så billig som mogleg, kan leia til umenneskelege tilhøve ogslaktemåtar for dyra som skal bli snøggmat.

Som ein reaksjon mot snøggmat har ein fått ei rørsle for sein mat,Slow Food, som legg vekt påtradisjonell,økologisk mat som tek lang tid å laga og nyta.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Snøggmat
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Snøggmat&oldid=3359379»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp