Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Smålekam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fordeling av kentaurar og transneptunske-objekt.

Smålekam er ei fellesnemning for småobjekt isolsystemet som verken erplanetar ellerdvergplanetar. Definisjonen vart vedtatt i2006 avDen Internasjonale Astronomiske Unionen. Dei følgjande objekta fell no under den nye definisjonen:

alle dei klassiskeasteroidane; bortsett i frå den største,1 Ceres, som er ein dvergplanet
allekentaurane ogneptuntrojanane
alle deitransneptunske-objekta, bortsett i frå dei største som klassifiserast som dvergplanetar, som t.d.Pluto ogEris

Det er ikkje klargjort om ei nedre grense for størrelsen til smålekamar vil bli oppretta eller om definisjonen vil inkludera all materie ned til størrelsen tilmeteoroidar.

Bortsett i frå dei største som er ihydrostatisk likevekt, skilmånar seg frå smålekamane ikkje i størrelse men i krinslaup. Månanes banar er ikkje sentrerte rundtsola men rundt andre objekt, slik som planetar, dvergplanetar og og andre smålekamar.

Nokon av dei større smålekamane kan bli reklassifiserte dersom vidare undersøkingar kan bestemma om dei har hydrostatisk likevekt eller ikkje.

Banane til størstedelen av smålekamane er å finna i to område;asteroidebeltet ogKuiperbeltet. Desse belta har indre strukturar forårsaka av påverknadar frå dei større planetane, særlegJupiter ogNeptun, og har heller svakt definerte grenser. Andre område inneheld mindre objekt i mindre konsentrasjonar. Desse inkluderernærjordsasteroidane,kentaurane,kometane ogspreidde-skiva-objekta.

Dei minstemakroskopiske objekta i bane rundt sola vert kallameteoroidar. IAU har enno ikkje vedtatt nokon definisjon på kva ein meteoroide er, men ulike definisjonar definerer objekts så store som 50 m i diameter og så små som 100µm som meteoroidar.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Smålekam&oldid=3426484»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp