Republikken Slovenia (slovenskRepublika Slovenija) er eit land sør iEuropa. Landet grensar tilItalia i vest,Adriahavet i sørvest,Kroatia i sør og aust,Ungarn i nordaust ogAusterrike i nord. Slovenia var del avAusterrike-Ungarn fram til 1918 då det vart ein del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongedømme, som I 1929 endra namn tilJugoslavia. Det vart sjølvstendig frå Jugoslavia i1991. Det har vore medlem avDen europeiske unionen sidan 1. mai 2004.
I Slovenia møtest fire store europeiske geografiske regionar:Alpane,Dei dinariske Alpane, denpannoniske sletta ogMiddelhavet. Landet er stort sett berglendt, med slettelandskap i aust og nordaust. Det høgste punktet erTriglav (2864 moh.). Namnet tyder ”tre hovud”, og ein finn fjellet på riksvåpenet, som eit nasjonalsymbol for Slovenia. Om lag halvparten av landet (10 124km²) er skogdekt, Slovenia er dermed det tredje mest skogdekte landet iEuropa etterFinland ogSverige. Restar av urskog finst framleis, dei største i Kočevje-området. Grassletter utgjer 5593km², hagar og marker 2471km², frukthagar 363km² og vingardar 216km². Slovenia er særskilt kjent forkarst-landskapet sitt. Ordet karst vert brukt om landskapstypar som er danna i lett eroderte steinsortar, som kalkstein, som typisk har mange holer og grotter. Karst er det tyske namnet på regionen Kras i Slovenia, som har gitt namnet sitt til denne landskapstypen. Kystlina tilAdriahavet er 47km lang.
Sjølv om Slovenia så vidt har grense motMiddelhavet, erklimaet i det meste av landetkontinentalt, som i Sentral-Europa.Karst-landskapet hindrar stort sett lufta frå Middelhavet i å strøyme inn i landet. Området har ein god del sol, men det kan regne ganske kraftig her om vinteren. Når den kontinentale lufta strøymer innover landet er det ofte i form avboravinden, som kan gje vindkast over 40m/s. Dei høgareliggande områda i nord og vest har milde forhold om sommaren, men kan ha ganske så vinterlege forhold på vinterstid. Frå tidleg på sommaren byrjar nærleiken til Middelhavet å gjere seg gjeldande i form av kraftigetorebyer. Frå september av er det derimot sjeldan med torevêr, men ein kan framleis få ei regnbye i ny og ne. Vintertemperaturane i austlege delar av Slovenia er omtrent som i Ungarn, men ein har oftare mildare periodar her.
Snittemperaturen er -2°C i januar og 21°C i juli. Årleg nedbør er i snitt 1000mm på kysten, opp til 3500 med meir iAlpane, 800mm i søraust og 1400mm sentralt i Slovenia.
Folkesetnaden i Slovenia er relativt etnisk homogen. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 83,1% seg somslovenarar, 8,9% erklærte ingen nasjonalitet eller nasjonalitet ukjent. Dei største minoritetane kom frå andre tidlegare jugoslaviske statar:serbarar (2,0%),kroatar (1,8%) ogbosnjakar (1,1%). To små minoritetsgrupper,ungarar (0,4%) i aust ogitalienarar (0,2%) påIstria og ved kysten, har status i grunnlova som «innfødde minoritetar», og har ein plass kvar reservert i nasjonalforsamlinga. Det fanst òg eintysk minoritet fram tilandre verdskrigen, men desse vart fordrivne eller flykta etter krigen. I 2002 var det 499 menneske som oppgav tysk nasjonalitet.
Dei største byane er hovudstadenLjubljana (266000 ib., 495000 i det større byområdet),Maribor (111000) ogCelje (48 100).
Med 99 ibuarar per kvadratkilometer er Slovenia relativt tynt folkesett etter europeiske tilhøve. Om lag 51% av folket bur i byar og 49% på landsbygda. Forventa levetid er 72,2 år for menn og 80 år for kvinner (2003). Folketalet i Slovenia er svakt søkkande.
Statsspråket erslovensk, som har ein skriftleg tradisjon tilbake til 1500-talet. Slovensk er eit sør-slavisk språk. Som for mange andre små folkeslag er språket ein svært viktig del av slovenarane si nasjonalkjensle. Fram til oppløysinga avAusterrike-Ungarn i 1918 vartysk eliten sitt språk og slovensk hadde lågare status, men på 1800-talet oppstod det ei språkrørsle som brukte slovensk som litteraturspråk og kjempa for å heva språket sin status. Enkelte forfattarar meinte på denne tida at slovenarane burde bruka serbo-kroatisk heller enn tysk og at det slovenske språket var for lite til å stå på eigne bein, men denne tankegangen vann ikkje fram. IJugoslavia var slovensk eit av dei offisielle språka, men i praksis følte slovenarane ofte eit språkleg press frå serbo-kroatisk.
Minoritetsspråkaitaliensk ogungarsk har offisiell status i delar av landet.
Slovenarane har tradisjonelt vorekatolikkar, sidan dei vart kristna rundt 800. Unntaket var ein kort periode på 1500-talet då den protestantiske reformasjonen stod sterkt i Slovenia, men med den katolske motreformasjonen erobra den katolske kyrkja si stilling. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 57,8% av folket seg som katolikkar, noko som er ein nedgang frå 71,6% i 1991. 2,4% varmuslimar og 2,3%ortodokse kristne. 10,1% erklærte seg som ateistar.
Dei tidlegaste kjende folkeslaga i dagens Slovenia varkeltarar ogillyrarar.Romarriket tok kontroll over området i det første hundreåret AD. Romerske byar i området omfattar Celeia (noCelje), Emona (Ljubljana), Nauportus (Vrhnika) og Poetovia (Ptuj). Dei romerske provinsane Dalmatia, Italia, Noricum og Pannonia omfatta delar av det som i dag er Slovenia. På 500-talet kom dei førsteslavarane til dagens Slovenia. På 600-talet oppstod det slaviske fyrstedømetKarantania, med senter nær dagensKlagenfurt, som strekte seg heilt til dagensTsjekkia ogSlovakia. Karantania fall på 700-talet under førstbayersk og såfrankisk herredøme, og vart del avKarl den store sitt keisarrike. Etter at forløparane for dagensungararar slo seg ned på den pannoniske sletta på midten av 900-talet vart slovenarane og dei andre sørslavarane skilde frå vestslavarane lenger nord. Karantania vart del dettysk-romerske rike, først under hertugdømmet Bayern, frå976 under hertugdømmetKärnten. Kärnten vart over dei neste hundreåra oppdelt i hertugdømaKärnten (slovensk Koroška),Steiermark (Štajerska) ogKrain (Kranjska). Frå slutten av 1200-talet av kom dei slovenske område under styret tilhabsburgarane, der dei skulle bli verande heilt til 1918.
Slovenia vart del av grenselandet motDet osmanske riket, som ved to høve nådde heilt tilWien med hærane sine. Det vart ofte herja, men vart aldri erobra av ottomanarane. På 1400-talet og 1500-talet var det hyppige bondeopprør, og dåreformasjonen kom på 1500-talet vart mange slovenarar protestantar. I samanheng med dette vart den første boka på slovensk trykt i 1551 avPrimož Trubar, og ei slovensk bibelomsetjing og slovensk grammatikk vart laga. Men medmotreformasjonen vart Slovenia igjen katolsk område. Dei neste 300 åra var Slovenia ein roleg del avHabsburg-riket. På 1700-talet vart alminneleg skuleplikt innført, med undervisning på dei lågaste klassetrinna. I 1782 vart liveigenskapen avskaffa og fri religionsutøving tillate. I 1797 kom den første slovensk-språklege avisa, Ljubljanske Novice. I 1809 vart Slovenia erobra av detfranske keisarriket underNapoléon Bonaparte, og Ljubljana vart hovudstad for Frankrike sineillyriske provinsar. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 vart den gamle orden gjeninnført.
Utover 1800-talet voks den slovenske nasjonalrørsla, mellom anna inspirert av tida under Napoleon. Slovenarane var dessuten på denne tida under sterkt germaniseringspress. Det slovenske språket hadde låg status, og for å stiga i dei sosiale gradene måtte ein "bli tysk". DiktarenFrance Prešeren (1800-1849 viste at det slovenske språket kunne brukast til høgverdig litteratur, og har seinare fått ein status som slovensk nasjonaldiktar. Under revolusjonane i Europa i 1848 vart tanken om større slovensk sjølvstyre for fyrste gong fremja. Utover 1800-talet reiste kravet seg om at dei slovenske områda, som framleis var delt mellom dei gamle hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain, skulle slåast saman til eitt område med indre sjølvstyre. I 1867 fekkUngarn status som eige kongedøme, og detausterrikske keisarriket vart til dobbeltmonarkietAusterrike-Ungarn. Fleire og fleire slovenarar slutta seg til den sør-slaviske (jugoslaviske) tanken - at dei sørslaviske folka, slovenarar,kroatar ogserbarar innan keisarriket, skulle slutta seg saman og få lik status som Ungarn, slik at dobbeltmonarkiet ville verta eit trippelmonarki.
Denne tanken fekk ikkje gjennomslag førden første verdskrigen braut ut. Då denne førte til det totale samanbrot for Austerrike-Ungarn gjekk slovenarane med i den nye statenSerbarane, kroatane og slovenarane sitt kongerike, som i 1929 endra namn til kongeriketJugoslavia. Kystområda vart okkuperte avItalia. Fullt sjølvstende vart ikkje vurdert seriøst av slovenarane på denne tida, då landet verka for lite til å overleva som eigen stat i dei urolege tidene som då var. Monarken i det nye kongeriket var den gamle kongen avSerbia, og slovenarane oppfatta staten som sterkt serbisk dominert. Med grunnlovsendringa som medførte namneskiftet til Jugoslavia i 1929 forsvann òg namnetSlovenia, nye provinsgrenser vart trekte opp og det meste av Slovenia vart del avDravska banovina. Dessutan avskaffa kongen politiske parti og tok makta i eit kongeleg diktatur.
Dåden andre verdskrigen braut ut var Jugoslavia frå starten av nøytralt, men 25. mars 1941 vart regenten, prins Paul, pressa til å inngå allianse medaksemaktene. To dagar etter vart han avsett i eit militærkupp.Tyskland reagerte med å invadera Jugoslavia 6. april 1945, støtta avItalia,Ungarn ogBulgaria. Slovenia vart delt opp mellom Italia, Tyskland og Ungarn. Okkupasjonstida var ei blodig tid i heile Jugoslavia, med uoversiktlege konfliktlinjer mellom kommunistiske partisanar underTito og andre motstandsgrupperingar, som ofte enda opp med å alliera seg heilt eller delvis med dei tyske og italienske okkupantane mot kommunistane. I Slovenia oppstod ein organisasjon kalladomobranstvo (heimevern) (deltakaranedomobranci), som var drivne av anti-kommunisme og kjempa mot partisanane, som òg var aktive i Slovenia. Etter slutten av krigen gjennomførte Tito sine partisanar i mai 1945 omfattande massakrar på domobranci, kroatiskeustasja-soldatar og andre som hadde prøvd å flykta til den britiske okkupasjonssona iAusterrike, kjend somBleiburg-massakrane. Talet drepne er vanskeleg å slå fast, men går opp i fleire titusen. Den tyske minoriteten vart driven ut av landet. Med fredsavtalen overtok Jugoslavia dei slovenske områda som hadde vore italienske i mellomkrigstida, men målet om òg å få byenTrieste, som hadde ein stor slovensk minoritet, vart ikkje oppnådd. Jugoslavia vart reorganisert som ein sosialistisk føderasjon, og Slovenia vart ein av dei seks delrepublikkane.
Under Tito sitt styre var landet eit stabilt kommunistisk diktatur, men etter Tito sitt brot medStalin i 1948 på mange måtar friare enn landa som låg under sovjetisk dominans. Etter at Tito døydde i 1980 vart leiarskapet overtatt av eit kollektivt presidentskap med ein representant frå kvar republikk, med rullerande leiarskap for eit år om gongen. Slik prøvde ein å behalda stabiliteten, men dei indre spenningane i føderasjonen meir og meir tydelege. Økonomiske nedgangstider førte til at Slovenia raskt sakka akterut i levestandard for dei kapitalistiske nabolanda, sjølv om det var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane. I 1986 vartMilan Kučan partisjef i kommunistpartiet i Slovenia og starta ein liberaliserings- og demokratiseringsprosess. Den auka pressefridomen som han tillét skapte store spenningar i forhold til det kommunistiske leiarskapet sentralt og den føderale hæren. I 1989 heldt Slovenia det første frie valet i Jugoslavia, då det skulle veljast ny slovensk representant til det føderale presidentskapet. Kommunistpartiet sin kandidat tapte valet for opposisjonskandidatenJanez Drnovšek. Etter atSlobodan Milošević kom til makta i Serbia, den største av delrepublikkane, oppstod det stadig større spenningar mellom Slovenia og Serbia. 23. januar 1990 marsjerte den slovenske delegasjonen ut avJugoslavias kommunistforbund sin ekstraordinære partikongress etter at dei ikkje hadde lukkast i å få fleirtal for eit einaste av ei rekkje reformforslag dei hadde fremja. Slovenia gjekk lenge inn for ei omorganisering av Jugoslavia til ein lausare konføderasjon, men då det viste seg umogleg å få Serbia med på dette vart det større og større oppslutning om tanken å forlata Jugoslavia. I april 1990 heldt Slovenia dei første frie parlaments- og presidentvala, der opposisjonskoalisjonenDEMOS kom til makta. Kučan vart vald til president. 23. desember 1990 vart det heldt folkerøysting om sjølvstende frå Jugoslavia, som gav 88,5% fleirtal for lausriving. 26. juni 1991 erklærte Slovenia seg som sjølvstendig stat, noko som utløyste ein ti dagar lang krig mot den jugoslaviske hæren. Dei slovenske styrkane sigra over hæren militært, og hæren vart forhindra frå å fortsetja krigen av det serbiske leiarskapet i Beograd, som var villige til å la Slovenia gå og heller bruka militære ressursar i den komande krigen i Kroatia. Meklarar fråEU forhandla fram ein avtale om at Slovenia skulle leggje sjølvstendeerklæringa på is i tre månader, mens den jugoslaviske hæren trekte seg ut. 15. januar 1992 vart Slovenia sitt sjølvstende anerkjent avEU, og 22. mai vart landet medlem avFN, saman med dei andre post-jugoslaviske statane.
Sidan sjølvstendet har Slovenia vore prega av stabilitet. Landet er ein av dei rikaste av dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa. Det har vore stor politisk semje om å verta med i den europeiske integreringsprosessen. Etter folkerøystingar vart Slovenia medlem iNATO 29. mars 2004 ogEU 1. mai 2004.
Slovenia er einparlamentariskrepublikk, med ein president som vert vald av folket kvart femte år, og ein statsminister vald av nasjonalforsamlinga. Statsministeren har det meste av den reelle makta. Nasjonalforsamlinga heiterDržavni zbor og har 90 medlemer, som vert valde kvart fjerde år. Ein av plassane er reservert for denitalienske minoriteten og ein for denungarske minoriteten. Presidenten,Danilo Türk, vart vald i desember 2007. Statsministeren sidan parlamentsvalet i oktober 2004 heiterJanez Janša og representererDet slovenske demokratiske partiet (Slovenska demokratska stranka), det største av fire parti i ei sentrum-høgre koalisjonsregjering. Det største opposisjonspartiet, som har sete ved makta det meste av tida sidan 1992, er det liberale partietSlovenias liberale demokrati (Liberalna demokracija Slovenije).
Noreg har hatt ein ambassade i Ljubljana sidan 1. desember 2003. Slovenia er representert i Noreg ved ambassaden sin iKøbenhavn.
Slovenia var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane, og har opplevd sterk økonomisk vekst sidan sjølvstendet i 1991. Det er det rikaste av dei nye EU-medlemene, rekna etterbrutto nasjonalprodukt. Inflasjonsraten var på 3,6% i 2004 og 2,5% i 2005 og nærmar seg no snittet i EU. Økonomisk vekst var 2,7% i 2003 og 4,2% i 2004. Arbeidsløysa var i 2005 9,8%.
Landet har dei siste åra gjennomført privatisering i bankvesenet, telekommunikasjon og offentlege tenester. Restriksjonar på utanlandske investeringar har blitt bygd ned og direkte utanlandsk investering er venta å auka. Dei viktigaste handelspartnarane erTyskland,Italia ogAusterrike.
Slovenia innførte den europeiske fellesvalutaeneuro den 1. januar 2007.
France Prešeren (1800-1849) har status som nasjonalforfattar. Han har mellom anna skrive nasjonalsangenZdravljica (Ein skål). I nyare tid har musikkgruppaLaibach gjort seg merka internasjonalt.
Slovenia si plassering i Alpane har gjort at vintersport er populært. Kjende er vintersportsstadaneKranjska Gora, som arrangerer verdscuprenn ialpint, ogPlanica, som har ein kjendskiflygingsbakke.