Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400- og 500-talet, underfolkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt tilSamo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane),Stor-Mähren,Kongedømet Ungarn,Habsburgmonarkiet,Austerrike-Ungarn ogTsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia underfløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.
Slovakia har den raskast veksande økonomien iEU ogOECD (2007).[1] Landet vart medlem av EU i 2004 ogeurosona i 2009.
Det slovakiske landskapet er hovudsakleg kjend for fjella, medKarpatane som den dominerande fjellkjeda som strekkjer seg langs det meste av den nordlege halvdelen av landet. I desse fjella finn ein dei høge fjelltoppane iTatrafjella. I nord, nær grensa til Polen, liggHøge Tatra, eit populært skiområde med mange vakre innsjøar og dalar, samt det høgaste fjellet i Slovakiak,Gerlachovský štít på 2655 meter over havet. Her ligg òg eit nasjonalsymbol for Slovakia, fjelletKriváň.
Dei største slovakiske elvane erDonau,Váh ogHron.Tisa markerer 5 km av landegrensa mellom Slovakia og Ungarn.
Det slovakiske klimaet ligg mellom dentempererte og denkontinentale klimasonen med relativt varme somrar og kalde, skya og fuktige vintrar. Området i Slovakia er delt inn i tre klimasoner: Dei varmaste låglanda i sør, dei meir varierte bekkena sentralt i landet og fjellklimaet i nord.
Det noverande Slovakia var ein del av Kongeriket Ungarn, og av det sameinte keisarlege og kongelege monarkietAusterrike-Ungarn fram til 1918, då det vart ein del av den nye staten Tsjekkoslovakia. Slovakia vart uppretta som eigen stat fyrste gong i 1939 som fylgje av Münchenavtalen, og landet var i forbund med Tyskland under krigen. I 1945 vart landet igjen ein del av det gjenupprettede Tsjekkoslovakia, som var kommunistisk styrt og under sterk innflyt frå Sovjetunionen fram til 1989. Etter sovjetunionens fall vart staten Slovakia gjenuppretta 1. januar 1993. Slovakia vart medlem av den europeiske union i mai 2004.
Størstedelen av dei som bur i Slovakia er slovakiske (86%), ungararane (10%) er det største mindretalet, andre mindretal er romafolk, tsjekkarar, tyskarar, ukrainarar og polakkar.
Den slovakiske grunnlova gjev religonsfridom. Størsteparten av slovakaren høyrer til den romersk-katolkse kyrkja, medan det største mindretalet er protestantar. I tillegg bur det 120 000 jødar i landet.
Det offisielle tungemålet er slovakisk men i nokre område nyttar ein òg ungarsk.