██Land der eit vestslavisk språk er nasjonalspråket██Land der eit austslavisk språk er nasjonalspråket██Land der eit sørslavisk språk er nasjonalspråket
Opphavet til dei slaviske folka er ikkje heilt klart. Dei utvikla først eit eige skriftspråk på 800-talet. Plinius den Eldre,Tacitus ogPtolemeus nemner i det første hundreåret e. Kr. eit folk som er busett aust for elvaWisła, og som er ulikt dei germanskevandalane som au budde i området. Namnet «slavarane» (Sklavenoi) opptrer første gong ibysantinske kjelder på 500-talet. Under keisarJustinian 1. (527-565) dukkar slavarar opp hos bysantinske skribentar. Dei fortel om talrike slavarar fråKarpatane, nedreDonau ogSvartehavs-området som har slått seg ned i Austromarriket.
På 1800- og 1900-talet har det vore freista finne eit opphavsområde for dei slaviske folka, som da skulle vere eitt folk i opphavet. Dette ut frå einpan-slavisk tankegang. Men dette er framleis ikkje klart.
På grunn av slavarane sine vandringar og kor dei i nyare tid bur, deler ein dei normalt inn i tre undergrupper:
(Namnet på den tidlegare statenJugoslavia betyr for øvrigSørslavarane sitt land).
Kiev-riket omkring 1000 e.Kr
Austslavarane breidde seg frå 500-talet mot nord til detfinsk-ugriske ogbaltiske området. Under innverknad avvikingane oppstod i det noverande Ukraina, Kviterussland og det vestlege Russland omkring slutten av 800-talet det første austslaviske riket,Kiev-riket. Iseinmellomalderen delte austslavarane seg i kviterussarar, ukrainarar og russarar. Dei sistnemnde spreidde seg frå sist på 1500-talet langs den noverandetranssibirske jernbanen austetter heilt til Stillehavet.