Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skuronn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skuronn i gamle dagar. Målarstykke av Abel Grimmer (om lag 1570-om lag 1619), flamsk målar,Antwerpen.
Moderne skuronn medskurtreskar.

Skuronn er eionnhaustenkornet vert hausta. Tidlegare vart kornet skore medsigd, eller slege medljå. Når kornet vart skore vart det samstundes samla og bunde til høveleg storekornband. Dette arbeidet kravde at ein stod bøygd heile dagen og det førte til mange stive ryggar rundt om på gardane. Når kornet vart skore med sigd var både kvinner og menn var med på dette arbeidet, men når det vart slege med ljå var det mennene som slo og kvinnene som batt. Kornbanda vart sette påstaur for å tørka og når kornet var tørt vart det køyrd inn og lagra på kornlåven.Treskinga skjedde som oftast seinare på hausen, eller ut over vinteren.

Havreskjering med sigd på Fossheim i Jølster på slutten av 1800-talet.

Rundt 1850 kom dei fyrstesjølvavleggarane forhest på marknaden iUSA og seinare vart det utviklasjølvbindarar som i tillegg til å slå kornet samla det og batt det saman tilkornband. Då sjølvbindarane kom tilNoreg tidleg på1900-talet var det berre storgardane som såg seg råd til å kjøpa dei, men etter kvart fekk òg mindre gardsbruk sjølvbindarar. Desse maskinane gjorder slutt på det tidkrevjande arbeidet med å skjera kornet.

skurtreskarane vart utbreidd gjekk skuronna enda snøggare. I dag vert det nytta store og effektive skurtreskarar, som gjer at kornet kan haustast i rett tid og det er lettare å unngå tap på grunn av overmodning.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skuronn&oldid=3325184»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp