Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skulderblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skulderbogen med skulderbladet,kragebeinet ogbrystbeinet.Ribbeina er festa til brystbeinet, og festa til skulderbladet er ògoverarmsbeinet.

Skulderbladet ellerakselbladet, stundom kallaskapula (avlatinscapula), er einknokkel i detmenneskelegeskjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida avbrystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd motkragebeinet,clavicula, ogoverarmsbeinet,humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderbladaskulderbogen,cingulum extremitas superioris.

Dei i alt sekstenmusklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater,facies dorsalis ogfacies costalis, tre kantar,margo lateralis, margo medialis ogmargo superior, og tre vinklar,angulus lateralis, angulus superior ogangulus inferior[1], gjer skuldra til den mest rørlege leddet i menneskekroppen.

Skulderbladet har to beinframspring, nemlegskulderhøgda,acromion, ogramnenebbet,proc. coracoideus. Begge desse gårventralt og tener som utspring og festar for ymsemusklar.

Framsida

[endre |endre wikiteksten]
Venstre skulderblad sett frå framsida (ventralt).
Framsida på venstre skulderblad (fac. costalis).

Skulderbladets framsida er den sida som vender framåt i kroppen og derfor mot ryggsida til brystkassa, på latin ofte kallafacies costalis scapulae (flata på skulderbladet som vender motribbeina) ellerfacies anterior scapulae (framflata på skulderbladet).

Framsida vender mot delar av ribbeina (costae) II–VII og består stort sett av den konkave yta,fossa subscapularis, derm. subscapularisspring ut. Denne muskelen er ein del avskuldermansjetten og strekkjer seg underprocessus coracoideus for å feste seg på overarmsbeinet.

M. serratus anterior (den sagtannna muskelen) har utspringet sitt på 1.-9. ribbein (derfor den sagtannlinkande utsjånaden) og festar på den mediale kanten,margo medialis scapulae.M. serratus anterior dreg skulderbladet mot brystkassa og stabiliserer det. Han er ein viktig og avgjerande muskel for skulderstabiliteten og verkar inn når ein roterer, løfter eller pressar armen framover som til dømes med ei armheving.

M. triceps brachii lange hovud spring ut rett underleddskåla til overamsbeinet,cavitas glenoidalis, og verkar inn når ein strekkjer overarmsbeinet bakover (ekstensjon).

Baksida

[endre |endre wikiteksten]
Venstre skulderblad sett bakfrå (dorsalt).
Baksida på venstre skulderblad (fac. dorsalis).

Baksida på skulderbladet er den sida som er vendt bort frå brystkassa. Ho er på latin kallafacies posterior scapulae, (baksida på skulderbladet) ellerfacies dorsalis scapulae (ryggsida til skulderbladet).

Over baksida av det spring skulderkammen,spina scapulae, som ved det breiaste partiet til skulderbladet deler det opp i to groper (fossae). Desse er kallafossa supraspinata (øvre grop) som er utspringet form. supraspinatus, ogfossa infraspinata (nedre grop) som er utspring form. infraspinatus. Begge desse musklane spring lateralt spring høvesvis over og under skulderkammen til sine feste på overarmsbeinet.

Skulderleddet

[endre |endre wikiteksten]
Den laterale vinkelen med skulderleddligamenta.
For meir om dette emnet, sjåSkulderledd.

Skulderleddet, på latin kallaarticulatio glenoidale ellerarticulatio humeri, er eit ekteledd som bind skulderbladet til overarmsbeinet.

Den laterale vinkel på skulderbladet,angulus lateralis scapulae, er den tjukkaste delen av knokkelen og blir somtid kalla skulderbladshovudet. Ei pæreforma grop, leddskåla,cavitas glenoidalis, leier mot hovudet til overarmsbeinet,caput humeri. Over og under leddskåla finn ein to beinknutar (tuberculi),tuberculum infraglenoidale ogtuberculum supraglenoidale.M. biceps brachii festar i den øvre beinknuten.

To distale knokkelframspring stabiliserer skulderleddet, nemlegskulderhøgda,acromion, som avsluttar skulderkammen, ogprocessus coracoideus (det ramnenebbliknande framspringet). Rett medialt forprocessus coracoideus finn ein utskjeringaincisura scapulae, kvarn. suprascapularis går gjennom. Kring skulderleddet så kler slimposane (bursae) leddet for å minske friksjonen tilbindevevet rundt. Desse sliposane er kallabursae subacromialis, subcoracoideus, musculi subscapularis et subdeltoidea.

For å stabilisere leddet enda betre ligg fire skuldermusklar kring leddet, kallaskuldermansjetten (rotator cuff). Desse musklane erm. teres minor,m. infraspinatus,m. supraspinatus ogm. subscapularis.[1]

Vengjescapula (scapula alata)

[endre |endre wikiteksten]
Venging av scapula.

Vengjescapula er ein tilstand kor eitt eller begge skulderblada skyt ut frå ryggen når ein strekkjer fram armane. Dette skjer omn. thoracicus longus som innervererm. serratus anterior ikkje fungerer som han skal, og muskelen blir lamma. Da vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet,scapula alata.[2] Det kan skje etter vissekirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning avlymfeknutar i armhòla som er vanleg vedbrystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene.[3]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Gray's Anatomy - Skulderblad (engelsk), vitja 18.12.2012
  2. Nevro-NEL,Scapula alataArkivert 2013-01-19 vedWayback Machine., vitja 16.12.2012
  3. Wikipedia.org - Long thoracic nerve (engelsk), vitja 14.12.2012

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Skulderblad
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skulderblad&oldid=3426275»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp