Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skotsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det keltiske språket, sjåskotsk-gælisk.
Skotsk
Scots/Lallans
KlassifiseringIndoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Skotsk
Bruk
Tala i Skottland
Flagget til Nord-IrlandUlster (Nord-Irland)
Skotsktalande i altMellom 200 000[1] og 1,5 millioner[2]
Språkkodar
ISO 639-2sco
ISO 639-3sco
Wikipedia på skotsk

Skotsk (Scots) ellerlåglandsskotsk (Lallans) er eit språk som blir tala iSkottland og av ein liten minoritet iUlster, dei fleste av dei iNord-Irland men òg i grenseområda iRepublikken Irland. Språket blir kalla «låglandsskotsk» for å skilje det fråskotsk gælisk som blir tala i høglandet, men det blir også kalla berre «skotsk» og forulsterskotsk iIrland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt.

Wikitongues - den skotske diktarenChristine De Luca snakker den shetlandske utgåva av skotsk.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Skotsk stammar frå dennorthumbriske forma formellomengelsk, som inngår i samlenamnetangliske språk. Det er sterkt påverka av gælisk, men også avnederlandsk oglågsaksisk gjennom handel og innvandring frånederlanda. Dialektkontakt mellom skotsk ogengelsk førte også til dei noverande skotske dialektane av engelsk (også kjent som skotsk-engelsk) som blir akseptert som godt språk iSkottland i dag.

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]

Dei eldste verka på skotsk erJohn Barbour sitt eposBrus frå 1300-talet,Wyntoun sittCronykil ogBlind Harry sittThe Wallace frå 1400-talet. Frå 1400-talet av blei det skapt mykje litteratur kring det kongelege hoffet i Edinburgh og vedUniversity of St Andrews av forfattarar somRobert Henryson,William Dunbar,Gavin Douglas ogDavid Lyndsay.The Complaynt of Scotland var eit tidleg trykt verk på skotsk.Eneados er ei mellomskotsk omsetjing avÆneiden fullført av Gavin Douglas i 1513.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Ethnologue-tal frå 1999
  2. [1] GRO 1996
Austgermanske språk
Nordgermanske språk
Vestgermanske språk
Germanskbasertekreolspråk
Spire
Dennespråkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skotsk&oldid=3401543»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp