Skogsveg er ein enkel veg som vert bygd for å henta uttømmer som det ville vera vanskeleg eller dyrt å få fram utan veg. Ein skil ofte mellom skogsveg fortraktor (samlevegar) ogskogsbilveg (adkomstvegar). Tungeskogsmaskinar gjer skade på røtene til trea. Når dei tynne hårrøterne vert slitne av vert vassopptaket redusert. Eit tett nett av samlevegar fører til mindre trafikk med maskinar, og difor mindre skade på rotsystemet. I fylgje[1] er tettleiken på i Noreg på 9,5 m/ha, men Samset argumenterer for at adkomstvegtettleiken burde vera på 15 m/ha, og at samlevegtettleiken bør vera på 50 m/ha[1].
Skogsvegar for traktor er ofte korte vegar som ikkje treng å ha så høg standard. Tømmerkøyringa førgår ofte på vinteren, når det ertele i jorda, så vegane vert ofte laga av jord og grus som finst i skogsbotnen. Men vegane fører ofte til at den naturlege dreneringa i liene vert endra, noko som kan føra til at det rasar ut masse[2].
Skogsbilvegar må tola trafikk med 22 m langetømmerbilar medmasse opptil 50tonn, så dei må ha høgare standard enn traktorvegar. Skogsbilvegar har ofte grusdekke, men om botnen er dårleg er det naudsynt å redusera akseltrykket iteleløysinga.
Landbruksdepartementet har i sine vegnormalar klassifisert skogsvegane i sju klassar: