Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skodespelar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skodespelarar iThe Big Voice: God or Merman.
Foto: Bev Sykes
Filmskodespelarar tar ei pause under innspelinga avSherlock Holmes and the Case of the Silk Stocking

Einskodespelar er ein person som framfører eirolle idrama, påscene,film,radio og innspelingar av til dømeslydbøker eller røyster iteiknefilm,reklame ellerdataspel.[1]

Oppgåver

[endre |endre wikiteksten]

Skodesepelaren er den sentrale kunstnaren innan drama. Han har den eine oppgåva som eiteaterframsyning ikkje kan klare seg utan: å stå fram påscena og syne fram ei handling for ei gruppetilskodarar. Alle dei andre,instruktøren,scenografen,lysmannen ogsuffløren kan ein i naudsfall klare seg utan. Sjølv tilskodarane kan ein klare seg utan, for det finst teaterstykke, såkallalærestykke, som berre er tenkt å verke opplærande og oppbyggjande for aktørane, utan at nokon treng sjå dei.

Ein skodespelar nyttarkroppen ogrøysta til å spele eirolle i eidramatisk handling. Slik sett er grensene tildansaren ogsongaren uklår, men ulik desse kan skodespelaren klare seg utan musikk eller annan fastlagd rytme. Der dansaren rettar seg etter orkestret og songaren etter dirigenten, kan skodespelaren lyde til sine eigne impulsar, eller vente på stikkord frå dei andre aktørane.

Arbeidet til skodespelaren går ut på å gje liv til ei rolle. Fyrst må han analysere råmaterialet:manuskriptet om det er eit gamaldags teaterstykke, eller detscenariet eller denfabelen eller detemnet handlinga skal dreie seg rundt. Dette kan gå ut på å finnamotivasjonen og tankegangen til rollefiguren, og førestilla seg kva han verkeleg tenkjer når han seier det eine og det andre. Langsamt byggjer skodespelaren opp eitreportoar, eit forråd av rørsler,gestar og talesett som høver til rolla.

Ein skodespelar må læra seg replikkar og scenar utanboks, og samarbeida med instruktøren og andre skodespelarar om korleis ei rolle skal spelast.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1«Skuespiller»,Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 16. desember 2022 
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2022

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Skodespelar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skodespelar&oldid=3450200»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp