Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skjorgås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjorgås
Skjorgås Foto: Wikimedia-brukar Dushyk
Skjorgås
Foto: Wikimedia-brukar Dushyk
Status
Status i verda:LCLivskraftig
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:AndefuglarAnseriformes
Familie:Anseranatidae
Slekt:Anseranas
Art:SkjorgåsA. semipalmata
Vitskapleg namn
Anseranas semipalmata
Skjorgåsegg

Skjorgås (Anseranas semipalmata) er einvassfugl som lever i kystnære strøk i nordlegeAustralia og påsavannar i det sørlegeNy-Guinea.Arten ermonotypisk iden biologiske familienAnseranatidae, det vil seie einaste medlem islekta og i familien.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Skjorgjæser er lett kjennelege fuglar med svart og kvit fjørdrakt og gule føter. Føtene har berre dels symjehud mellom tærne, sjølv om gjæsene beitar på vegetabilsk materiale i vatnet som på land. Hannar er større enn hoer. I motsetnad til hosverklege gjæser, så gjer skjorgjæser ei gradvismyting slik at dei ikkje får ein periode utan evne til å flyge.Lætet frå skjorgåsa er ei høg tuting.

Systematikk

[endre |endre wikiteksten]

Dennearten er plassert iden biologiske ordenenAnseriformes, og i sin eigen familie Anseranatidae.[1] Skjorgåsa har det karakteristiske nebbet tilandefuglar, men vert åtskild frå andre artar innanfor denne ordenen. Dei andre familiane i ordenen erAnhimidae (gjetarfuglar) ogAnatidae (ender,gjæser ogsvaner) som inneheld alle dei andretaksa.

Økologi og status

[endre |endre wikiteksten]

Skjorgåsa finst i våtlandsbiotop som flaumområde ogmyrer. Ho er i mykje grad einstandfugl som berre flyttar seg litt i den tørre årstida. Dei er kolonihekkarar og selskapelege utanfor hekkesesongen når dei dannar store og støyande flokkar på opptil nokre få tusen individ. Skjorgåsa hekkar på bakken, eit typisk kull er på 5-14 egg. Somme hannar kan pare seg med to hoer.

I2009 er denne arten er talrik i utbreiingsområdet. Men det meste av den sørlege bestanden blei utrydda i midten av1900-talet av overdriven jakt og øydelegging av habitat. Etter det blei det gjennomført prosjekt for å innføre arten og populasjonen har igjen nådd eit nivå kor det kan drivast regelmessig jakt. Idelstaten Victoria var skjorgåsa oppført som nær trua på den lokale rådgjevande lista i 2007. For Australia sett under eitt er populasjonen livskraftig og det førekjem kontrollert jakt i sesongen når tala er store.

Namn på ulike språk
Skjorgås
Svensk
Dansk
Engelsk
Tysk
Fransk
Spansk
Russisk

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Clements et al,Updates & Corrections – August 2014 Ref til side 26

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Skjorgås
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skjorgås&oldid=3274316»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp