Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skjoldvulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjoldvulkan

Einskjoldvulkan er ein storvulkan med slake fjellsider. Namnet kjem frå denislandske skjoldvulkanenSkjaldbreiður, som tyder 'breitt skjold'. Skjoldvulkanar oppstår frålavastraumar med lågviskositet - tyntflytande lava. Derfor har fjellet ein breid profil som vert bygd opp over tid av relativt rasktflytandebasaltisk lava frå ventilar eller sprekker på overflata av vulkanen.Den største skjoldvulkanen på jorda erMauna Loa på Big Island påHawaii, og alle vulkanane på Hawaiiøyane er skjoldvulkanar. Skjoldvulkanar kan stundom verte så store at dei vert rekna som eifjellkjede, somIlgachuz Range ogRainbow Range iCanada. Desse skjoldvulkanane, både på Hawaii og Canada vart danna dåden nordamerikanske plata flytta seg over einheiteflekk. Andre døme på skjoldvulkanar har ein iWashington,Oregon ogGalapagosøyane.Piton de la FournaiseRéunion iIndiahavet er ein av dei mest aktive skjoldvulkanane på jorda med om lag eitt utbrot i året i snitt.

Skjaldbreiður er opphavet til namnet skjoldvulkan

Viskositeten tilmagma når han kjem til overflata er avhengig av temperaturen og samansettinga til magmaen. Skjoldvulkanane på Hawaii har utbrot med magma så varm som 1 200 °C samanlikna med temperaturar rundt 850 °C for dei fleste kontinentale skjoldvulkanane, som hovudsakleg består avsur lava. Sidan lavaen er så pass flytande som han er får ein ikkje eksplosive utbrot. Dei mest alvorlege eksplosjonane oppstår om vatn kjem inn i ventilen, slik at gassane i magmaen ekspanderer. Ein kan då få flotte fontener av lava.

Olympus Mons sett ovanfrå.

Skjoldvulkanar oppstår òg på andre planetar. Det største kjende fjellet isolsystemet,Olympus MonsMars er ein skjoldvulkan ein meiner er utdøydd. Skjoldvulkanane på Mars er høgare og meir massive enn dei ein finn på jorda, truleg sidan det ikkje finstplatetektonikk her.

På grunn av platetektonikken på jorda flyttar vulkanane seg etter kvart bort frå heiteflekkane og magmakjelda, slik at vulkanane vert mindre massive enn dei elles kunne vorte. Skjoldvulkanar oppstår som regel langs divergenssoner mellom jordskorpeplatene eller over heiteflekkar. Mange store skjoldvulkanar somKaskadefjella i USA eller i nordlege område avCalifornia og Oregon vert danna over meir kompliserte område.

Døme

[endre |endre wikiteksten]
Mauna Kea, ein skjoldvulkan på øya Hawaii dekt av eit tynt snølag.
Profilen tilHualālai viser den typiske forma for skjoldvulkanen

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Skjoldvulkan
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skjoldvulkan&oldid=3442985»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp