Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skjeggflaggermus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjeggflaggermus
Skjeggflaggermus
Skjeggflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda:LCLivskraftig
Status i Noreg:LCLivskraftig[1]Utbreiinga av skjeggflaggermus
Utbreiinga av skjeggflaggermus
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:PattedyrMammalia
Orden:FlaggermusChiroptera
Familie:GlattnasefamilienVespertilionidae
Slekt:Myotis
Art:SkjeggflaggermusM. mystacinus
Vitskapleg namn
Myotis mystacinus

Skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) er eiflaggermus iglattnasefamilien. Flaggermusa lever i Vest-Europa nord til Sør-Noreg, aust tilUralfjella og sør tilMiddelhavet, med ein bestand også iMarokko. Ho lever i mange ulike landskapsområde, men er meir tilbøyeleg til å leva i hus enn i skogområde og er vanleg i parkar og hagar.[2] Ho er vanskeleg å skilja fråskogflaggermus, umogleg utan å fanga ho. Det er difor gjort relativt få sikre funn av arten i Noreg.[3] ISverige ogDanmark reknar ein med at skjeggflaggermusa er i sterk tilbakegang, men det er uvisst om dette også er tilfellet i Noreg.[1]

Raudlistevurdering

[endre |endre wikiteksten]

Seinare års registreringsarbeid på Vestlandet har vist at arten er vanlegare enn tidlegare antatt i denne landsdelen[4] Bestandsstorleiken er svært usikker, men blir antatt å omfatta meir enn 1000 reproduserande individ. Dei rike løvskogsliene på Vestlandet kan potensielt husa ein betydeleg bestand, men på Austlandet synest arten å vera meir fåtalig.

Det er viktig at tidsserien med underjordiske teljingar fortset og blir utvida til andre område. Det er vidare eit sterkt behov for etablering av overvakingsseriar som dekker artens yngleperiode.

Konklusjon: På grunn av det store utbreiingsområdet og ein antatt bestand på meir enn 1000 reproduserande individ, vurdererArtsdatabanken skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) som livskraftig LC. Kunnskapsgrunnlaget for å vurdera rødlistestatus er likevel avgrensa, og det er sterkt ønskeleg med meir kunnskap om den reelle bestandsstatusen til arten i Noreg.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2Skjeggflaggermus i Artsdatabanken. Besøkt 14. juli 2022.
  2. Coroiu, I.Myotis mystacinu. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T14134A22052250. Henta 22. juni 2022
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  4. Tore Christian Michaelsen pers. medd.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Skjeggflaggermus
Pattedyr iNoreg medreknaSvalbard og norske farvatn
Storerovdyr
Ulv  •Mårhund  •Raudrev  •Fjellrev  •Bjørn  •Isbjørn  •Grevling  •Jerv  •Gaupe
Små rovdyr
Oter  •Mår  •Ilder  •Røyskatt  •Snømus  •Mink
Klauvdyr
Elg  •Rein  •Hjort  •Rådyr  •Dåhjort  •Moskusfe  •Villsvin
Haredyr
Hare  •Sørhare  •Kanin
Gnagarar
Smågnagarar
Insektetarar
Flaggermus
Selar
Kvalar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skjeggflaggermus&oldid=3394079»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp