Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Skiffle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skifflegruppa MaCajun under Hamburger Skiffle Festival 2015.

Skiffle er ein musikkstil som utvikla seg i USA på 1930-talet[1] med påverknad fråjazz,blues ogamerikansk folkemusikk.Skiffle blir vanlegvis utført med heimelagde eller improviserte instrument[1] somvaskebrett,vaskebaljebass,kazoo,sigarboks-fele,musikalsk sag,kam ogpapir med meir, i tillegg til meir vanlege instrument somgitar ogbanjo.

Skiffle- ogjugband-musikk er nært knytt til kvarandre. Skiffle var særleg populær iStorbritannia på 1950- og 1960-åra. Skiffle var påverka avcountry,folk ogblues og med eit raskare tempo, elektriske instrument og energiske framføringar har stilen stundom vorte rekna som ei tidleg form forrock & roll, ganske likrockabilly.

Skiffle vart først populær tidleg på 1900-talet i USA iNew Orleans.Oxford English Dictionary skriv atskiffle var eitslanguttrykk for eit såkalla «rent-party», ein fest med levande musikk der ein sendte rundt ein hatt for å få inn pengar til å betale husleiga.

Opphavleg vart skiffle-grupper kallaspasm-band. På 1920- og 1930-åra vart ei form for skiffle spelt iLouisville ogMemphis. Røtene til skiffle finn ein òg hos jazzband på 1940- og 1950-talet. Den uformelle, humoristiske stilen gjorde skiffle to gonger til ein forgjengar forrock and roll, først i USA i tidlege år, og seinare i Storbritannia.

Første gongen uttrykketskiffle vart nytta på ei plate var i 1925 av den elles ukjende Jimmy O'Bryant and his Chicago Skifflers. I 1948 komDan Burley & His Skiffle Boys saman iNew Orleans.

Skiffle i Storbritannia

[endre |endre wikiteksten]
Britiske ungar i «Firs Estate Skiffle Group» i 1957.

Skiffle dukka opp her og der i USA frå 1920-åra til slutten av 40-åra. Stilen var på veg ut då han seint i 1950-åra dukka opp som ei stor musikalsk rørsle i Storbritannia. Skiffle tilsvara i Storbritannia detrockabilly var i USA, ein ny form for musikk som var rask og høg, og begge hadde ein direkte kommunikasjon mellom bandet og publikum. Som rockabilly gav britisk skiffle nye mogelegheiter for profesjonelle musikarar som ønskte å ta steget vidare.

Lonnie Donegan, skaparen av britisk skiffle, vart profesjonell musikar i 1953 og vart med itradjazz-bandet tilKen Colyer. Som pauseinnslag på konsertane deira underheldt Donegan publikum med folkemusikk og blues, med bass og vaskebrett som ein del av musikken. Colyer kalla det skiffle, og snart var det meir populært enn jazzen som resten av bandet spelte. Då trombonistenChris Barber forlet bandet i 1954 for danne sitt eige band, tok han Donegan med seg og let han spele på albumetNew Orleans Joys, som var spelt inn i 1954. På grunn av Donegan sine rustne utgåver av songane «Rock Island Line» og «John Henry», selde albumet 50 000 eksemplar, som vart rekna som særs mykje. Skiffle vart spelt på radio, ogDecca gav ut «Rock Island Line» som singel i 1956. Singelen låg heile åtte månader på Topp 20 i Storbritannia, og nådde sjetteplass som høgaste plassering. I USA nådde han åttande plass og selde over ein million eksemplar over heile verda. Donegan spelte påThe Perry Como Show i USA i lag medRonald Reagan.

Donegan hadde berre fått betalt 50 pund for innspelinga av songen, så Donegan signerte ein plateavtale med det nyePye-Nixa og gav raskt ut «Lost John», som nådde andreplass i juni 1956. Dette var starten på ei rekkje av heile 34 britiske hitsinglar. Den siste kom i 1962.

Skiffle vert ofte omtalt som ein rein forgjengar for britisk rock and roll, men mykje av den tidlege skiffle-musikken vart spelt av dyktige trad jazz-musikarar.Vipers Skiffle Group ogChas McDevitt &Nancy Whiskey var døme på dette. The Vipers vart kjend om lag samstundes med at Lonnie Donegan forletChris Barber Jazz Band for å starte for seg sjølv som skiffle-artist.

The Vipers heldt til vedThe 2i's Coffee Bar iLondon, og i løpet av denne perioden var musikarar somTommy Steele,Jet Harris,Bruce Welch ogHank Marvin innom bandet. Dei hadde derimot eit stort problem, og det var å halde songane sine borte frå Donegan. Etter at Donegan hadde oppnådd høgare plasseringa på listene med dei to første hitsinglane deira, var det dårleg forhold mellom dei.

The Vipers tok hemn ein gong Donegan spelte «Cumberland Gap» på fjernsyn før han hadde spelt inn songen sjølv. The Vipers gjekk straks til studio og spelte inn si utgåve av songen, før han, og selde 100 000 eksemplar før Donegan fekk ut si utgåve. Donegan si utgåve gjekk heilt til topps på salslista i Storbritannia og vart liggande der i fem veker i strekk. Mot slutten av 1957 var The Vipers på veg ned, og Donegan vart krona som «Kongen av Skiffle».

Chas McDevitt, medNancy Whiskey på vokal, hadde ein verdsomspennande hit med «Freight Train». I juli 1957, sju år førThe Beatles, var McDevitt påEd Sullivan Show same dag som theEverly Brothers først spelte «Bye Bye Love». Showet vart sendt til om lag 45 millionar tilskodarar. Dette vart sin suksess og dei vart sendt på turne med artistar somSlim Whitman ogFrankie Lymon & The Teenagers. Dei erstatta ògJerry Lee Lewis på den mislukka britiske turneen hans i 1958.

Då britisk rock and roll var i ferd med å ta av, først medTommy SteeleMarty Wilde ogCliff Richard and The Drifters (seinare kallaThe Shadows), heldt Donegan framleis på med sitt og var ikkje merksam på at populariteten til skiffle var på veg ned. Tidleg i 1960-åra skildra Donegan dei første Beatles-platene som gammaldags rock and roll som hadde stoppa inntektene hans.

The Beatles byrja som skifflebandetThe Quarrymen.

Det var populariteten til den enkle skiffle-musikken som gav dei unge britane ideen om at dei sjølve kunne spele musikk og skape populære plater. Fleire kjende britiske musikkgrupper starta som skifflegrupper:

Eksplosjonen av britiske musikkartistar som dukka opp på midten av 1960-åra, i USA kalladen britiske invasjonen, kan delvis tilskrivast skiffle-bølgja fleire år tidlegare. Utanom hitsinglane til Donegan hadde skiffle i seg sjølv liten påverknad i USA.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Gloag, Kenneth, «skiffle»,The Oxford Companion to Music, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Skiffle&oldid=3541773»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp