Skapingsmytar ellerkosmogoniskemytar erovernaturlege, mytisk-religiøse forteljingar eller forklaringar som tek for seg opphavet tilmenneskja,jorda,livet oguniverset, som regel forklart som ei bevisst handling utført av ein eller fleireguddommar. Dei fleste religionar har skapingsmytar som omfattar konsept som forklarer korleis alt er som det er, og dette dannar ofte sjølve kjernen i trua.
Mange skapingsmytar deler i hovudsak tilsvarande eller same tema. Fellesmotiv omfattar oppstykkinga av tinga i verda frå eit opphavleg, opphavlegkaos; åtskiljing av farguden og morguden; landområde som oppstår frå eit uendeleg og tidlaust urhav; eller skapingex nihilo (ut av inkje).
Derleirtavla byrjar har gudane An, Enlil,Enki ogNinhursag skapt sumerarane og dyra. Deretter stig kongane ned frå himmelen og dei fyrste byene blir grunnlagt –Eridu, Bad-tibira, Larsa, Sippar ogShuruppak.
Etter eit tapt stykke i leirtavlene blir det fortalt at gudane har vedteke å fløyma over jorda med eisyndflod for å straffa menneskja.Zi-ud-sura, som er konge og prest, lærer om dette. I ei seinareakkadisk utgåve er det guden over vatnet Ea, eller Enki på sumersk, som åtvarar helten (Atra-hasis i dette tilfellet) og gjev han instruksar for å byggja einark. Dette er tapt i det sumerske fragmentet, men ein omtale av Enki som har ei rådføring med han antydar at dette er rolla til Enki også i den sumeriske versjonen.
Når leirtavla held fram skildrar ho flaumen. Ein forferdeleg storm voggar den store båten i sju dagar og sju netter. Deretter dukkarUtu, solguden opp og Zi-ud-sura skaper ei opning i båten, kneler til jorda og ofrar deretter einokse ogsauer i takksemd.
Etter endå eit avbrot held teksten fram, syndfloda er tilsynelatande over og dyra blir sette i land frå båten. Zi-ud-sura kneler for An, himmelguden, og Enlil, den øvste av alle gudane, og desse gjev han evig liv og lèt han slå seg ned iDilmun for «ta vare på dyra og avkommet til menneskja». Resten av diktet er gått tapt.[1]
Marduk og draken hans, frå eit babylonsk sylindersegl.
Babylonia var eit oldtidsrike iMesopotamia (det moderneIrak). Det omfatta områda til dei tidlegare rikaSumer ogAkkad. Den babylonske skapingsmyten er gjenfortald iEnuma Elish, eitepos om byrjinga i verda. Det er blitt datert til slutten av det andre tusenåret f.Kr.
I eposet er gudenMarduk (eller Assur i dei assyriske utgåvene av diktet) blitt skapt for å forsvara dei guddommelege skikkelsane frå eit angrep av sjøgudinnaTiamat. Marduk tilbyr seg å berga gudane berre om han blir utpeika som den høgaste, udiskutable leiaren deira, og bli verande i denne posisjonen sjølv etter at trusselen er nedkjempa. Gudane går med på kravet hans.
Marduk utfordra Tiamat til tvikamp og drap henne. Deretter reiv han liket hennar i to halve delar som han deretter skapte jorda og himmelen med. Så skapte hankalenderen, organiserteplanetane ogstjernene og regulertemånen,sola ogvêret. Gudane underkasta seg han og svor lydnad, og skapte deretter den babylonske hovudstadenBabylon som den jordiske motparten til gudsriket. Marduk drap så maken til Tiamat,Kingu. Av hansblod skapte han menneskja slik at dei kunne gjera arbeidet til gudane.
Framstilling avRa sitt auge og egyptiske gudar som Hathor, Nefthys, Isis, Osiris, Nut, Geb, Shu og Atum. FråDendera-tempelet.
Egypt i oldtida var ei statsdanning i det fruktbare området langsNilen som varte varte i to tusen år frå rundt 3300 f.Kr. Det er minst tre ulike skapingsmytar iegyptisk mytologi som samsvarer med minst tre ulike grupper tilbedarar.
I forteljingaEnnead («dei ni») stigAtum opp frå det opphavlege urhavetNeith ogmasturberer for å dulma einsemda si. Av sæden og pusten hans blirTefnut (fukt) ogShu (tørrheit) til. Frå Shu og Tefnut blirGeb (jorda) ogNut (himmelen) fødde i ein tilstand av evig samleie eller samansmelting til Shu skil dei frå kvarandre. Barna deira er Ausare (Osiris; død),Set (ørken), Aset (Isis; liv), og Nebet Het (Nefthys; fruktbart land). Osiris og Isis er eit par, det same er Nefthys og Set.
I forteljingaOgdoaden («dei åtte») stigRa, anten frå eit egg eller frå einblå lotus, som eit resultat av den kreative samhandlinga mellom urkreftene til Nu/Naunet (vatn), Amun/Amaunet (luft), Kek/Kauket (mørkre) og Heh/Hauhet (æve). Ra skaper deretterHathor, kona si, som han får sonen Hor ellerHorus med (i denne forma kjend som Horus den eldre), som så giftar seg med Isis. Denne skapingsmyten omfatta også Anupu (Anubis) som herre over dei døde.
I den tredje gruppa erPtah evig, endelaus og evinneleg, og han kallar liv i verda og alle gudane fram til eksistens på tilsvarande vis som den jødisk-kristne trua forstår konseptet sitt for Gud.
Over tid blei dei rivaliserande gruppene gradvis samanfletta. Ra og Atum blei identifisert som den same guden, og Atums mystiske skaping blei den iOgdoaden. Ra fekk såleis barna Shu og Tefnut, og vidare. Som konsekvens blei Anubis identifisert som ein son av Osiris, tilsvarande skjedde med Horus. Rolla til Amun blei seinare etter kvart stadig større, og i ei tid var han den øvste guden, men blei til slutt vurdert som ein manifestasjon av Ra.
Ei tid var Ra og Horus identifisert som kvarandre, og dåAton-monoteismen blei introdusert utan hell var det Ra-Horus som var tenkt som Aton, og følgjande ein opphavsmyte inspirert av denne. Seinare blei kulten til Osiris meir populær og han var hovudguden, identifisert som ei form av Ptah. Til slutt blei alle gudane tenkte som aspekt av Osiris, Isis, Horus eller Seth (som no blei rekna som ein tvitydig og eventuell vond guddom). Faktisk hadde både Horus og Osiris byrja å bli rekna som den same guden, men Ptah blei til slutt identifisert som Osiris.
Ein seinare versjon av forteljinga har betraktninga at det øvste vesenet (Gud) var Atum-Raa og at han uttalte orda for skaping som skapte urvatnet Naunet frå Nu (det himmelske havet). Naunet inneheldt alt i uutvikla tilstand, som iembryonisk form. Dette livet tok forma av eitegg, og frå dette egget komRa, gudslyset som blei årsaka til at alt liv oppstod. Ra var representert av den egyptiske soldisken (også symbolisertgermansk,norrøn,gresk ogvedisk tradisjon av eisolvogn, også referert til i bibelske tekstar vedprofetenElia). Ra, gudslyset i naturen, blei seinare manifestert på jorda gjennom soldisken (eten) og verka i form avdosher – soloppgangen som byrjinga av livet på jorda.
Kronos og Rhea avbilda på ein gresk vase. Rhea gjev Kronos ein stein å sluka i staden for eit av barna sine.
Det antikke Hellas er rekna som den viktigaste grunnleggjaren av kulturen til den vestlege sivilisasjonen.Gresk mytologi omfattar fleire mytologiske forteljingar som handlar om gudane ogheltane til dei antikke grekarane. Gresk religion erpolyteistisk i vesen, og dette pregar også førestillingane ein finn her om opphavet til verda.
FilosofenPlaton skildrar ein skapingsmyte som involverer eit vesen kallademiurg («verdsskaparen») i dialogen sinTimaios.
DiktarenHesiod fortel i diktverketTheogonien ('Gudefødselen') at i byrjinga eksisterte kaos i form avKhaos som deretter føddeGaia (jorda),Tartaros (underverda),Eros (begjær),Nyx (nattemørket) ogErebos (mørket i underverda). Gaia fekk framUranos, himmelen, hennar like, som dekte henne, fjella og dei ufruktbare djupnene i havet,Pontos ut av seg sjølv. Men etterpå, fortel Hesiod, låg ho med Uranos og blei svanger medOkeanos (urstraumen eller hava som dekte jorda), Koios og Krios, ogtitananeHyperion ogIapetos,Theia ogRhea,Themis ogMnemosyne ogFoibe og havgudinnaTethys.
På tilråding frå Gaia kastrerteKronos far sin,Uranus, og gifta seg med Rhea, som fødde den andre generasjon av gudar;Hestia,Demeter,Hera,Hades,Poseidon, ogZevs. Zevs og brørne hans velta Kronos og dei andre titanane, og trekte deretter lodd om kva område kvar av dei skulle vera herskar over. Zevs trekte himmelen, Poseidon havet og Hadesunderverda.
Gud skaper Eva frå sida til Adam. Freske frå Vittskövle kyrkje i Skåne.Fallet til menneskas, måleri av Cornelis van Haarlem, 1592
Jødedommen er den eldste av dei tre storemonoteistiske verdsreligionane, og moderreligion forkristendommen. Den jødisk-kristne forklaringa for skapinga har grunnlaget sitt iFyrste Mosebok, også kalla Genesis (hebraisk בראשיתBereshit «I byrjinga»,gresk Γένεσις Génesis, «Byrjing»), den fyrste boka iBibelen. Trosførestillingar om skapinga skil seg ein del frå kvarandre blant jødisk-kristne grupper, både i dag og i fortida. Ordlyden i opningsverset i Fyrste Mosebok var tvitydig i den opphavleg teksten, og den norske omsetjinga lyder: «I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda. Jorden var øyden og tom, og mørke låg over havdjupet. Men Guds Ånd sveva over vatnet».[2] I ein lesnad eller tolking kan ein rekna med eit allereie eksisterandekosmos som Gud nyttar som råmateriale for arbeidet sitt, ei tolking som blir føretrekt av dei fleste forskarar. At Gud skapte «himmelen og jorda» blir vanlegvis assosiert med å forma noko frå noko som allereie eksisterande.
Faktisk er det to skapingssoger i Bibelen. I den fyrste (Fyrste Mosebok 1:1-2:3) skaper Gud fasettar av verda kvar dag i løpet av sju dagar. Skapinga skjer ved guddommeleg kommando: «Då sa Gud: «Det bli lys!» Og det vart lys.» Menneskja i form avmann ogkvinne blei skapt samtidig både iden hebraiske Bibelen som i den norske standardomsetjinga (noko som opnar for moglegheita for meir enn eit par), og menneska blei skapte etter at heile verda er førebudd for dei. Dei blei skapte i Guds bilete, noko som sannsynlegvis ber meininga om at menneskja var Guds representantar på jorda og overherre over alle andre vesen. Den siste dagen markerer heilaggjeringa avsabbaten som heilag for Gud.
Den andre forteljinga (Fyrste Mosebok 2:4-25[3]) er i ei meining einetiologi av opphavet til sedelegheit og moral. Ho byrjar med skapinga av mann og kvinne som blir skapt kvar for seg, i motsetnad til den fyrste forteljinga. Eit tema i den andre forteljinga er opphavet tilekteskapet og overherredømmet til hankjønnet over hokjønnet iEdens hage.Adam og Eva lever i harmoni med Gud fram til dei får «kunnskap om godt og vondt». I den hebraiske Bibelen er det en annen frase enn «godt og vondt» som ikke indikerer ein moralsk kunnskap: «kunnskapen om alt». Etter denne kunnskapen blir dei utvist frå nærværet til Gud ogparadiset.Ei stor nyvinning innan kristendommen var læra omskaping ex nihilo, skaping «ut av inkje». I dei fyrste hundreår skreiv og tenkte den katolske kyrkja igreske banar heller ennhebraiske, og henta forståinga si frå gresk filosofi som fremja avFilon fråAlexandria (død ca. år 50), ein jødisk tenkjar som prøvde å forlika jødedommen medplatonismen. Kyrkja tapte tvitydinga i den hebraiske teksten og erstatta henne med gresk klarheit. «I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda» som blei den aksepterte tolkinga avFyrste Mosebok for både kristne og jødar. Kyrkja var likevel ikkje bokstaveleg, og bibelske kommentatorar har gjennom åra diskutert i kva grad forklaringane for skapinga burde lesast bokstaveleg ellerallegorisk.Maimonides[4] ogGersonides[5] kommenterte spesielt at forklaringane om skapinga ikkje burde takast bokstaveleg. I nyare tid har lærde innanTora, som rabbinarenEliyahu Eliezer Dessler, også støtta ei tilnærming til opningskapitla avFyrste Mosebok som ikkje er bokstaveleg.[6]
Englane underkastar seg Adam og Eva. Iblis, oppe til venstre, nektar.
Islam er einmonoteistisk religion, og den yngste blant dei storeverdsreligionane. Islam baserer seg på læra til profetenMuhammed, som han forkynte påDen arabiske halvøya frå rundt 610. Skapingsforteljinga i islam er splitta over fleire vers iKoranen, men er tilsvarande den jødisk-kristne forklaringa. Ifølgje Koranen blei himlane og jorda føydde saman som ei «skapingseining» og deretter «kløyvde frå kvarandre».[7] Etter at begge var skilde frå kvarandre fekk dei samtidig den noverande forma si etter å ha gått gjennom ein fase der begge var røykliknande.[8] Koranen slår fast at skapingsprosessen skjedde i løpet av seks dagar, eller avhengig av tolkinga, epokar.
Koranen hevdar at Gud (Allah) skapte verda og kosmos, og gjorde alle skapningar som gjekk, sumde, kravla, og flaug på overflata av jorda frå vatn.[7] Han skapteenglane, og sola og stjernene som fekk bustad i universet. Han tømde ned regnet i fossar, og braut opp jorda for å framkornet,druene og andre vekstar,oliven ogpalmane, frukttrea og graset. Gud forma leirar, jord, sand og vatn til ein modell av ein mann. Han pusta liv og kraft i modellen, som straks kom til liv. Denne fyrste mannen blei kalla for Adam. Gud tok med Adam til paradiset, og skapte der Eva (eller Hawa) frå sida til Adam. Gud lærte Adam namna på alle vesen og kommanderte alle englane til å bøya seg for Adam.Iblis, ein avdjinnane, nekta å gjera dette, og var såleis ulydig mot Gud.
Yme blir drepen av Odin og brørne hans. AvLorenz Frølich.
Inorrøn mytologi er det dei mannlege gudane som opptrer i skapinga av verda, fyrst og fremstOdin, men skaper ikkje ut av ingenting,ex nihilo, og heller ikkje åleine. Han har dei to brørne sine med seg,Ve og Vilje (som betyr «heilagdom» og «vilje»), men dei blir kalla forHøne ogLodur i det storslåtte diktetVoluspå. Kvinneleg fødsel speler ei underordna rolle, men eit kvinneleg vesen,Gjevjon, har òg vore ein skapar. I tillegg blei gudenHeimdall fødd av nijotunkvinner i fellesskap utan at ein mannleg gud var involvert.
IfølgjeSnorre Sturlason var urjotnenYme det fyrste vesenet ikosmos, og oppstod ein gong i urtida iGinnungagap, det store kaotiske inkjet. I sør oppstod verdaMuspelheim, som er lys og varm, deretterNivlheim i nord, ei kuldeverd somdet strøymer tolv elvar ut frå i Ginnungagap. Då heiten frå Muspelheim møtte kulda frå Nivlheim oppstod det ei kraft som var Yme. Yme skapte liv på eiga hand. Frå den eine armen voks det ut eit barn og frå beina eit anna barn, som igjen avla nye vesen med kvarandre, rimtussar ellerjotnevesen.
Saman med Yme oppstod det ei ku,Audhumbla, «den mjølkerike kua», som Yme kunne næra seg frå. Samtidig slikka kuasalt av steinar, og ein dag slikka ho fram eit hovud. Dette varBure, som betyr «son». Bure avla Bor, som også betyr «son». Bure og Bor var av ei anna ætt ein Yme. Bor avla avkom medBestla frå avkommet til Yme, men då dei to ættene blanda seg oppstod det ein ny ætt, gudane. Derfor blei Odin og brørne hans kalla for «Bors søner».[9]
Ask og Embla, illustrasjon av Robert Engels, 1919.
Som i andre mytologiar gjorde andre generasjon opprør mot den fyrste. Sønene drap faren og omskapte deretter verda slik dei ville ha henne. Odin og brørne hans drap Yme, og frå den parterte kroppen hans skapte dei verda. Beina blei til fjell, kjøtet til jord og blodet til hav, sjøar og elvar. Hovudskallen blei løfta opp og blei til himmelkvelvinga, og augebryna til skyer. Verda blei skapt på grunnlag av eit drap, og denne spenninga ligg i botnen av den norrøne mytologien og fram til avslutninga i verda iRagnarok.
Snorre Sturlason gjenfortalde og systematiserte skapingsmytane iDen yngre Edda, men forteljinga er også gjeven att iVoluspå. Her blir det fortalt om dei andre vesena som oppstod. Urkvinnene, jotunkvinnene, kom og forstyrra den fyrste gullalderen til gudane. Kvinnene kunne føda, og var såleis skaparar uavhengig av gudane. Som ein reaksjon skapte gudanedvergar og menneske. Menneska blei skapte av jord, ifølgjeVoluspå, medanDen yngre Edda seier at dei blei forma av to trestammar. Ifølgje sistnemnde blei det laga ein mann av eiask og ei kvinne av einalmetre:Ask og Embla. Odin pusta liv i dei, Høne gav dei forstand og evne til å røra seg, og Lodur gav dei blod og ytre likskap med gudane. Til sist gav gudane menneska einlagnad gjennom skapinga av tre kvinnelege vesen,nornerne. Den norrøne mytologien har ingen fallmyte. Det finst ingen spor av at menneska sette seg imot gudane, og heller ikkje at dei er underordna. I tillegg blei dei to kjønna skapte samtidig, og dei blir likt utstyrte og ikkje underordna kvarandre, men er likestilte.[10]
Foster, B.R.:From Distant Days : Myths, Tales, and Poetry of Ancient Mesopotamia. 1995, Bethesda, Md.: CDL Press. vi, side 438
Bottéro, J.:Religion in Ancient Mesopotamia. 2004, Chicago: University of Chicago Press. x, side 246.
Eliade, Mircea (1963):Patterns in comparative religion. The New American Library-Meridian Books.ISBN 9780529019158.
Kimball, Charles (2008): «Creation Myths and Sacred Stories» i:Comparative Religion. The Teaching Company.ISBN 1598034529.
Honko, Lauri (1984): «The Problem of Defining Myth» i: Dundes, Alan:Sacred Narrative: Readings in the Theory of Myth. University of California Press.ISBN 978-0520051928.
Jacobsen, T.:The Treasures of Darkness : A History of Mesopotamian Religion. 1976, New Haven: Yale University Press. Side 273.
Johnston, Susan A. (2009):Religion, Myth, and Magic: The Anthropology of Religion-a Course Guide. Recorded Books, LLC.ISBN 978-1-4407-2603-3.
Leeming, David Adams; Leeming, Margaret Adams (2009):A Dictionary of Creation Myths (Oxford Reference Online ed.). Oxford University Press.ISBN 0195102754.
Womack, Mari (2005):Symbols and Meaning: A Concise Introduction. AltaMira Press.ISBN 978-0759103221.