Sister Ray Song avThe Velvet Underground frå albumetWhite Light/White Heat | ||
Utgjeve | 30. januar 1968 | |
Innspelt | September 1967 | |
Sjanger | ||
Lengd | 17:29 | |
Selskap | Verve | |
Komponist | John Cale, Lou Reed, Sterling Morrison, Maureen Tucker | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«Sister Ray» er ein song avThe Velvet Underground som avsluttar side to av albumet deiraWhite Light/White Heat frå 1968. Teksten er skriven avLou Reed medan musikken er komponert avJohn Cale,Sterling Morrison,Maureen Tucker og Reed.
Songen omfattar dopmisbruk, vald,homoseksualitet ogtransvettisisme. Reed sa om teksten: «'Sister Ray' vart gjort som ein spøk - nei, ikkje som ein spøk, men han har åtte rollefigurar og denne karen vert drepen og ingen gjer noko. Han var bygd kring ei soge eg skreiv om dette miljøet kring total utskeiing og forfall. Eg tenkjer på 'Sister Ray' som ein transvestittiskheroin-dealer. Situasjonen er ei gruppedragqueens som tek med seg nokre sjømenn heim, pumpar dei med heroin og set i gang med ein orgie når politiet dukkar opp.»[7][8]
Med ei lengd på 17 minuttar og 29 sekund er det den lengste songen påWhite Light/White Heat, og tar opp det meste av side to av plata. Han i tillegg den lengste songen i heile studiodiskografien til Velvet Underground.
RockekritikarenLester Bangs skreiv i 1970: «Tidleg Velvet hadde den gode fornufta til å innsjå at uansett kva du kunne, var musikk med ein enkel grunnstruktur den beste. Dermed utvikla 'Sister Ray' seg frå eit mest grunnleggende funk-riff til sytten minutt inn i sterke lydstrukturar av utruleg kompleksitet.»[9]
«Sister Ray» vart spelt inn i eitt opptak. Bandet vart samd om å akseptere alle feil som kunne oppstå under innspelinga, og det resulteterte i 17 minuttar med improvisert materiale. Songen vart spelt inn med Reed på solovokal og gitar, Morrison på gitar og Tucker på trommer, medan Cale speler eit orgel gjennom ein forvrengd gitarforsterkar. Morrison sa han var overraska over volumet til orgelet til Cale under innspelinga og at han byta gitar-pickup påFender Stratocaster-gitaren sin frå bru-stillinga til hals-stillinga for å få «meir trøkk».[10] Det er òg ein song utanbassgitar fordi Cale, som vanlegvis spelte bass eller bratsj, spelte orgel på opptaket.
Reed kalla songen «Sister Ray» som ei liten hyllest tilRay Davies i det britiske bandetThe Kinks.[11]