Sion er eit omgrep innan jødedom, kristendom og andre religionar som opphavleg viste til eit befesta fjell iJerusalem,Sionfjellet, men etterkvart kunne omgrepet visa til heileJerusalem,Eretz Israel eller eit anna lova land. I dag kan Sion visa til ei konkret høgd like sør for det armenske kvarteret i Jerusalem eller til ulike religøse førestillingar om ein god, paradisisk stad.[1]
Dethebraiske namnet for Sion erצִיּוֹן,Tziyyon, og namnet blir også skrive Tsion, Tzion ogZion.[1]Opphavet til ordet er uklar.[2][3][4] Om det kjem frå eitsemittisk språk, kan det vera avleidd frå hebraiskṣiyyôn ('borg') ellerṣiyya ('tørt land'). Ein ikkje-semittisk slektskap til dethurriske ordešeya ('elv' eller 'bekk') er også blitt føreslått.[4]Sidan staden er nemnd iGamletestamentet som ein jebusittarstad erobra av David, kan ordet lett vera eldre ennisraelittane.[2][3]
Sameulsboka nemner Sion som staden der borga tiljebusittane låg og vart erobra avkong David. Ho danna grunnlaget for Davidsbyen eller Jerusalem.[5][6] Det er nemnt iJesaja (60:14),Salmane, og den første boka avmakkabearane (kring 100-talet fvt.).[6]Nemninga blei etterkvart også brukt omTempelhøgda (Moriafjellet) og for heile Jerusalem. Underfangenskapet i Babylonia (586–538 f.Kr.) blei Sion eit symbol på heimlandet jødane lengta etter.[1]I moderne tid er omgrepet også blitt knytt til den politiske og nasjonalistiske retninga kallasionisme.[1]
I kristendommen er Sion ofte nytta om ein himmelsk meir enn ein geografisk stad, som iBrevet til hebrearane 12, 22–24: «Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring».[7]
Namnet Sion har vore nytta tilkyrkjer,bedehus,kapell og liknande.
Imormonarrørsla (Siste dagars heilage) er Sion eller Zion nytta med ulike tydingar. Det kan ha den opphavlege tydinga og visa til Jerusalem. Det var også namnet på byen partiarkenEnok grunnla. Vidare kan det visa til ein stad der ei gruppe som er reine og rettvise bur saman i harmoni. Dette kan visa til byenIndependence i Missouri og er også blitt nytta omKirtland i Ohio,Jackson County i Missouri,Nauvoo i Illinois og omSalt Lake Valley.
Truvedkjenninga lagt fram av religionsstiftarenJoseph Smith seier at Sion (det nye Jerusalem) vil bli grunnlagd iAmerika.[8]Smith sa også at heile Amerika frå nord til sør er Sion.[9]Mormonarane blir oppfordra til å byggja Sion kvar enn dei er i verda.[10]
I say fly away home to Zion, fly away home...One bright morning when my work is over, man will fly away home... The Wailers Rastaman Chant |
Innanrastafarianisme er Zion einutopisk stad der ein finn fred, fridom og sameining, til forskjell frå «Babylon», det utnyttande systemet i den materialistiske moderne verda der det finst mykje vondskap.[11] Trua reknar Zion, med referanse tilEtiopia, som fødestaden til menneskja og det lova landet der alle burde venda tilbake.[12]
Rastafari-reggae inneheld mange referansar til Zion, som iBob Marley-songane «Zion Train», «Iron Lion Zion», «Road to Zion» avDamian Marley medNas, «Forward Unto Zion» avThe Abyssinians og «Graduation In Zion» avKiddus I.