| Silvester Belt | |||
| Fødd | 26. november1997 (27 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Kaunas | ||
| Alias | Silvester Belt | ||
| Opphav | Litauen | ||
| Aktiv | 2017– | ||
| Sjanger | pop | ||
| Plateselskap | OpenPlay | ||
| Verka som | songar-låtskrivar | ||
Silvestras Beltė (fødd26. november1997),[1] kjend under artistnamnetSilvester Belt, er einlitauisk songar og låtskrivar. Han vann den litauiske songtevlingaEurovizija.LT ogrepresenterte Litauen iEurovision Song Contest 2024 med songen «Luktelk».
Beltė blei fødd iKaunas iLitauen.[1] Som fireåring utvikla han ei interesse for musikk og byrja å gå på musikkskule. Etter endt utdanning fortsette han studia ved Juozas Gruodis konservatorium i Kaunas.[2]
I 2019 blei han uteksaminert fråUniversity of Westminster iLondon med ein grad i kommersiell musikkutføring.[3][4] Etter endt utdanning byrja han å jobbe i ein venleikssalong. I januar 2021 vendte han tilbake til Litauen der han signerte med eit plateselskap; opphavleg hadde han tenkt å returnere til London, men kunne ikkje på grunn avkaranteneføresegner.[4]
I 2010 deltok Beltė i den litauiske uttakinga tilJunior Eurovision Song Contest 2010. Han framførte songen «Pi-pa-po» og kvalifiserte seg til finalen, der han enda på 8. plass av 12 finalistar.[5][6]
I 2017, etter å ha blitt oppmuntra av systera til å søkje, tevla Beltė og vann den litauiske songtevlingaAš – superhitas (norsk ‘Eg er ein superhit’).[4] Då han vann, flytta han frå heimbyen tilVilnius, der han seinare gav ut debutsingelen sinNoise.[7][8] Kort tid etter å ha vunne showet jobba han bak kulissa til TV-showet2 Barai, den litauiske versjonen av realitytevlingaBaren.[9] Året etter deltok han i den sjette sesongen avX Faktorius, den litauiske versjonen avThe X Factor, der han blei eliminert i den fjerde veka.[10]
19. desember 2023 ble det kunngjort at Beltė skulle delta iEurovizija.LT, den litauiske uttakinga tilEurovision Song Contest 2024, med songen «Luktelk».[11] Han deltok i den fyrste semifinalen, som han vann, og kvalifiserte seg til finalen.[12][13] Han vann finalen laurdag 17. februar 2024.[14] Som følgje av sigeren fekk han representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
I Eurovision Song Contest deltok Beltė i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei han nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[15][16][17] I finalen enda han på 14. plass med 90 poeng.[18][19]
Beltė skildrar musikken sin som hovudsaklegpop, med nokreelektroniske,rave- ogteknopåverknadar.[3] Han nemnerTroye Sivan som si store inspirasjonskjelde.[20][21]