Siltstein er ein klastisksedimentær bergart som er sett saman av partiklar med storleik mellom dei grovare partiklane isandstein og dei finare ileirskifer. Meir enn to tredelar av bergarten ersiltpartiklar, det vil seia med kornstorleik som er mellom 0,002 og 0,006 mm. Vanlige mineral i siltstein erkvarts,feltspat,glimmer og ulike leirmineral, der dei to førstnemnde er meir dominerande i grove partikkelstorleikar og i leirmineral i finare storleikar.[1]
Ordet silt er truleg i slekt medsalt.Språkrådet går ut frå at opphavet truleg kjem frå engelsk,[2] men iengelsketymologi meiner ein at opphavet mest sannsynleg er frå norsk og dansk,sylt.[3][4]
↑Ayto, John (1999): Dictionary of Word Origins, Bloomsbury, s. 478. Sitat: «... it is etymologically related tosalt. It was probably borrowed from a Scandinavian word – Danish and Norwegian have the apparently relatedsylt ’salt marsh’.»