Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Shibam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shibam
شبام حضرموت
landsby
Land Jemen
GuvernementHadhramaut
DistriktShibam
Koordinatar15°55′36.98″N48°37′36.01″E / 15.9269389°N 48.6266694°E /15.9269389; 48.6266694
Folketal 7 000
Grunnlagd1167
TidssoneUTC+3
Verdsarvstad
NamnGamlebyen i Shibam
År1982 (#6)
RegionArabia
Kriteriumiii, iv, vi
Kart
Shibam
15°55′37″N48°37′36″E / 15.926944444444°N 48.626666666667°E /15.926944444444; 48.626666666667
Kart som viser Shibam.
Kart som viser Shibam.
Kart som viser Shibam.
Wikimedia Commons: Shibam

Shibam (arabisk skrift شِبَام), ofte kallaShibam Hadhramaut, er ein by iJemen. Han har kring 7 000 innbyggjarar og er setet iShibam-distriktet iHadhramaut guvernement. Byen er kjend for dei høge bygningane sine i leirstein.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart første gongen nemnd i inskripsjonar på 200-talet.[1] Han var hovudstaden i kongedømetHadramawt.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Sjibam ligg vest i det sentrale området avHadhramaut guvernement, i ørkenenRamlat al-Sab`atayn. Hovudvegen går tilSana'a og andre byar vest i Jemen, og til dei austlege områda av landet. Dei nærmaste byane erSeiyun ogTarim, begge i aust.

Arkitektur

[endre |endre wikiteksten]

Shibam er innskriven påverdsarvlista tilUNESCO på grunn av den særeigne arkitekturen. Husa i Shibam er laga avteglstein av gjørme og leire og kring 500 av dei erbustadblokker, frå 5 til 11 etasjar høge,[2] der kvar etasje har eitt eller to rom.[3] Denne arkitektstilen vart nytta for å verne innbyggjarane motbeduinåtak. Shibam har eksistert i kring 1700 år, men dei fleste husa i byen er frå 1500-talet. Mange hus er derimot blitt ombygd mange gonger dei siste hundreåra.

Shibam vert ofte kalla «den eldsteskyskraparbyen i verda» eller «ørkenens Manhattan», og er ein av dei eldste og beste døma påbyplanlegging basert på prinsippet om å byggje i høgda.[4] Byen har somme av dei høgaste leirsteinsbygningane i verda, somme av dei over 30 meter høge[5], og er dermed tidlege høghusblokker. For å verne bygningane frå regn og erosjon, må ein rutinemessig vedlikehalde veggane med å påføre eit ferskt lag med gjørme.

Den nærliggande byenTarim inneheld det høgaste byggverket iWadi Hadhramaut-dalen, einminaret i leirstein som høyrer til Al-Mihdhar moské. Det er kring 53 meter høgt.[3] Dette er den høgaste minareten sør påDen arabiske halvøya.[6]

Trugslar

[endre |endre wikiteksten]

Byen vart hardt råka av flaum i 2008.[7] Fundamentet på fleire bygningar i byen vart øydelagde av flaumen og førte til at dei etter kvart kollapsa.[8] Byen var òg eit mål forAl Qaida-åtak i 2009.[9][10]

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Byport
    Byport
  • Somme «skyskraparar»
    Somme «skyskraparar»
  • To bygningar i ei gate inne i byen.
    To bygningar i ei gate inne i byen.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Wadi Hadramowt and walled city of Shabam». Henta 3. januar 2010. 
  2. Helfritz, Hans (April 1937). «Land without shade».Journal of the Royal Central Asian Society24 (2): 201–16.doi:10.1080/03068373708730789. 
  3. 3,03,1Jerome, Pamela; Chiari, Giacomo; Borelli, Caterina (1999). «The Architecture of Mud: Construction and Repair Technology in the Hadhramaut Region of Jemen».APT Bulletin30 (2–3): 39–48 [44].JSTOR 1504639.doi:10.2307/1504639. 
  4. Old Walled City of Shibam,UNESCO World Heritage Centre
  5. Shipman, J. G. T. (June 1984). «The Hadhramaut».Asian Affairs15 (2): 154–62.doi:10.1080/03068378408730145. 
  6. p. 9,The Shadow Factory: The Ultra-Secret NSA from 9/11 to the Eavesdropping on America, James Bamford, Random House, Inc., 2009,ISBN 0-307-27939-1.
  7. «Death Toll Mounts In Tropical Storm». CBS 13. 31. mai 2016. Arkivert fråoriginalen 22. mars 2009. Henta 31. mai 2016. 
  8. «Historic Town of Shibam Hadramout Escapes Flooding Largely Unscathed». ITN Source. November 3, 2008. 
  9. «Al Qaida blamed for Yemen attack». CNN. 16. mars 2009. Henta 31. mai 2016. 
  10. «Al-Qaida in Jemen:Political, Social and Security Dimensions». Jemen Post. 12. april 2009. Henta 31. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Shibam
Hovudstad:Al Mukalla
Districts
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Shibam&oldid=3492578»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp