Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Shetlandsbussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnesmerke over shetlandsfararane iScalloway på Shetland.

Shetlandsbussen ellerShetlandsgjengen var einorskmarineavdeling som organiserte trafikk med båtar mellomShetlandsøyane og vestkysten avNoreg underden andre verdskrigen. Om lag 300 nordmenn var innom organisasjonen i løpet av krigen.[1]

Frå midten av 1942 var det offisielle namnet «Norwegian Naval Independent Unit» (NNIU). I oktober 1943 blei gruppa ein del avden kongelege norske marinen, og bytta namn til «Royal Norwegian Naval Special Unit» (RNNSU).

Shetlandsbussen frakta mellom annaLinge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, militære forsyningar og dokument over Nordsjøen.[2] I enkelte tilfelle la deiminer og gjorde aksjonar mot tyske skip. I byrjinga av krigen stod avdelinga heilt under britisk kommando, seinare kom òg nordmenn med i leiinga. Avdelinga nytta frå fyrst av nesten utelukkande fiskefartøy og nokre få gonger motortorpedobåtar. Då det tyske vakthaldet langs kysten av Noreg vart skjerpa i1943, fekk Shetlandsgjengen overlate tre mindreamerikanske ubåtjagarar somden norske marine hadde overteke. Namna på desse jagarane vartKNM «Hitra»,KNM «Hessa» ogKNM «Vigra».

I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar. Ti skøyter med 44 mann gjekk tapt.

Scalloway på Shetland var den viktigaste hamna for Shetlandsbussen.

Ein av dei mest kjende medlemmane av Shetlandsgjengen varLeif Andreas Larsen (1906-1990) - «Shetlands-Larsen». Då den andre verdskrigen tok slutt var han den høgast dekorerte allierte marineoffiseren.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Norges forsvar : organ for Norges forsvarsforening. 2018 Nr. 4 side 47.
  2. Ulsten, Vilde Midtbø (30. mars 2018),«Risikerte livet 56 turar over Nordsjøen»,NRK, henta 23. september 2024 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Shetlandsbussen&oldid=3591920»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp