| She's Always a Woman 7" singel,12" singel avBilly Joel frå albumetThe Stranger | ||
| B-side | «Vienna» | |
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1977 | |
| Innspelt | A & R Recording, Inc.,New York City, 1977 | |
| Sjanger | Softrock,folkrock | |
| Lengd | 3:21 | |
| Selskap | Columbia | |
| Tekstforfattar | Billy Joel | |
| Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
| Produsent | Phil Ramone | |
| Billy Joel-kronologi | ||
| «Only the Good Die Young» (1977) | She's Always a Woman | «The Stranger» (1978) |
«She's Always a Woman» er ein song avBilly Joel frå albumetThe Stranger i 1977. Han er ein kjærleikssong om ei moderne kvinne, som han forelskar seg i trass i underlege vanar og lyte. Singelen nådde 17. plass i USA og i 1986 nådde han 53. plassen i Storbritannia då han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Just the Way You Are». Den 2. mai 2010 gjekk songen igjen inn på den britiske singellista og nådde 29. plassen.
Songen vert spelt i 6/8-takt. EinMuzak-versjon av songen vart spelt iWorld Trade Center augneblikk før bygningen vart øydelagd[1] under11. september-åtaka i 2001.
Songen vart gjeven ut i 1977, etter fleire andre hittar fråThe Stranger inkludert «Just the Way You Are», «Movin' Out (Anthony's Song)» og «Only the Good Die Young». Musikalsk har Joel sagt at han var inspirert avGordon Lightfoot og dei rolege, akustiske gitarballadane hans. Det er ein kjærleikssong som Joel skreiv til den dåverande kona si, Elizabeth.
| Liste (1977) | Plassering |
|---|---|
| U.S.Billboard Hot 100 | 17 |
| U.S.BillboardHot Adult Contemporary Tracks | 2 |
| Liste (1978) | Plassering |
| Belgia (Flandern)[2] | 28 |
| Canada[3] | 12 |
| Nederland[4] | 15 |
| Liste (1986) | Plassering |
| Irland | 22 |
| UK Singles Chart | 53 |
| Liste (2007) | Plassering |
| Italia[5] | 56 |
| Liste (2010) | Plassering |
| UK Singles Chart | 29 |
| Liste (2011) | Plassering |
| Austerrike[6] | 37 |
| She's Always a Woman Singel avFyfe Dangerfield frå albumetFly Yellow Moon | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 10. mai 2010 | |
| Lengd | 3:14 | |
| Selskap | Fantastic Plastic,Polydor | |
| Tekstforfattar | Billy Joel | |
| Fyfe Dangerfield-kronologi | ||
|---|---|---|
| «Faster Than the Setting Sun» (2010) | She's Always a Woman | «Barricades" (2010) |
Fyfe Dangerfield, frontperson iGuillemots, spelte ein versjon av songen i 2010 som vart nytta i ein reklamefilm for den britiske butikken John Lewis.[7] Dette gjorde at originalversjonen til Billy Joel gjekk inn på den britiske singellista på 29. plass den 1. mai 2010.
Dangerfield-versjonen av songen gjekk inn påUK Singles Chart den 2. mai 2010 på ein 99. plass og klatra etter kvart heilt til 7. plassen